Rose Maiken Flatmo toppar Raudt si liste på Stord. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord24 presenterer alle ordførarkandidatane på Stord og har spurt dei alle om å svare på fire spørsmål. Først ut er Rose Maiken Flatmo frå Raudt.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

– Me ynskjer å arbeida for eit inkluderande samfunn, og hovudsaka vår er kampen mot større skilnader i samfunnet. For barn og unge ynskjer me lågare prisar og søskenmoderasjon i barnehage, SFO og kulturskule. Vidare vil me at barnetrygda skal haldast utanfor berekninga av sosialstønad.

Alle born bør ha mulighet til å delta uavhengig av føresette si inntekt og me ynskjer å arbeida for at alle barn og unge i kommunen har rett til ein gratis fritidsaktivitet og arbeida for å redusera eigenandelar på kulturelle aktivitetar generelt .

Me vil arbeida for eit trygt og inkluderande arbeidsliv, med heile stillingar som norm i kommunen.

Raudt vil arbeida for sårbare grupper i samfunnet. Det er eit mål at det offentlege, saman med ikkje-kommersielle aktørar, driv velferdstenestene.

- Annonse -
- Annonse -

–  Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?

Framtida byr på mange utfordrande opppgåver, som vil kreva omstillingar. I regionen ser me særskilt at sentraliseringa er krevjande, og det kjem me attende til i neste punkt.

Raudt Stord er positive til at kommunen har medverknad som sentralt tema i planprogrammet med mellom anna innbyggarpanel, sikra aktiv deltaking frå folkevalgte, næringslivet, frivillige lag og organisasjonar og innbyggjarar. Dette vert viktig å utvikla i framtida.

Utfordringa vert å vedta ein heilskapleg kommuneplan som ivaretek menneske og natur, utan at vert undergrave av stadige dispensasjonsvedtak frå uansvarlege politikerar som gjer knefall for private kapitalistiske interesser.

Det vil vera trong for ei nyindustrialisering, basert på lokale ressursar, og som tek langsiktige miljøomsyn. Raudt vil kjempe for arbeidsplassane og for arbeidsfolka sine økonmiske interesser. Me ynskjer å legga til rette for vidareforedling av naturressursar, opprette regionale utviklingsfond innretta mot eksisterande industriklynger og legga til rette for lokale arbeidsplassar.

Oppvekst, utdanning og velferd er store oppgåver, som vil krevja mykje av oss som kommune. Raudt vil arbeida for  så gode rammevilkår som råd for tenestene. Tilsette skal verte høyrt i prosessar som angår deira fag, og deira arbeidskvardag. Raudt vil vera ei tydeleg stemme  mot privatisering og konkurranseutsetjing av tenester

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?

- Annonse -

Me vil ha ein aktiv politikk mot sentralisering og arbeida for våre gode lokale tilbod, som t.d høgskulen, dei sjukehustilbod med meir. Sentraliseringa er ei stor utfordring på mange vis. Det er trong for gode tenester og sterke fagmiljø. Sentraliseringspolitikken er tydeleg økonomisk motivert,  og har sitt utgangspunkt i sentralmakta sine snevre økonomiske perspektiv. Me vil arbeida for lokalsamfunnet sine interesser og for lokal forvaltning.

Raudt har ein politikk for likeverdige arbeids-, bu- og levetilhøve i bygd og by. Innbyggarane og organisasjonane i Sunnhordland har vilje og evne til å motverke sentraliseringa, og vidareutvikla våre lokale tenester.

Kollektivtilbodet må vera av høg kvalitet, og Raudt vil arbeida for eit betre og rimelegare tilbod.

Me vil arbeida for å styrka kommunikasjonssambandet til Kvinnherad og regionen, utan å gjera unødige og omfattande inngrep i naturen.

– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

Raudt vil arbeide for at  vedtekne prosjekt vert gjennomført.

Raudt ynskjer å auka kommunen sitt skattegrunnlag gjennom ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk.  Me ynskjer å gjere det attraktivt for etterspurt arbeidskraft å busetja seg i kommunen. Det vert sentralt å støtte opp om arbeidet mot sosial dumping og arbeidslivskrimininalitet i Stordmodellen.

Me ynskjer å nytta eigedomsskatt med sosial profil og bunnfradrag, og ynskjer eigedomsskatt på næringsbygg og samla eigedom som inkludererer hytte og sekundærbustad.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og ellers i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutvklinga går i rett retning?

Me ynskjer grundig gjennomgang av kommunen sine reguleringsplanar. Raudt er opptekne av å ha eit levande sentrum, som ikkje utelukkande er lagt til rette for næringslivet. Me ynskjer å bidra til at det vert lagt til rette for møtestader og at det vert enklare å oppretta og oppretthalde hobby- og fritidsaktivitet og grønne lunger. Me ynskjer god demokratisk kontroll  på utvikling av sentrum. Raudt ynskjer å motverka konsekvensane av stadige dispensasjonar frå vedtekne kommuneplanar, og vil stoppa dispensasjonar som er i strid med kommuneplan.

Me ynskjer utvikling for innbyggarane, ikkje utbyggarane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -