Slik kan brua mellom Sunde og Huglo over Husnesfjorden bli sjåande ut, dersom "Sunnfast" blir ein realitet.
- Annonse -

Lokalaga til Raudt i Sunnhordland går inn for Sunnfast i og vil ikkje ha Hordast.

Av: Mohamed Kallel, Raudt Stord
Tore Blokhus, Raudt Stord
Rose Maiken Flatmo, Raudt Stord
Gaute Lund, Kvinnherad Raudt
Håkon Furdal, Raudt Bømlo

Som eit tiltak for å knyta heile Sunnhordland betre saman, og styrka Sunnhordland si tilknyting til resten av fylket, så vil Raudt jobba for Sunnfast.

Vestland Raudt går inn for å få greia ut indre trasé på E39. Brua over Langenuen, med sørleg kryssing, må byggjast som del av framtidige planar for eventuell ferjefri E39. Brua trengs også for styrking av Sunnhordlandsregionen.

Vidare må fylket halda fram arbeidet for Sunnfast – eit ferjefritt samband frå Kvinnherad over Huglo til Tysnes og Stord. Dette vil erstatta ferjer og sterkt ureinande snøggbåtar. Reisetida mellom Kvinnherad og Stord vert mykje kortare. Det å knyta Sunnhordland saman vil styrka regionen som bu-, arbeids- og næringsregion, og styrka grunnlaget for dei viktige tenestene i regionen som skule og sjukehus.

Hordfast vil kunna føra til sentralisering av funksjonar til Bergen, og pendling til Bergen, slik at Sunnhordland i større grad vert ein «soveby».

- Annonse -

Det finst planar og ny teknologi for flytebruer som kan føra til produksjon lokalt og på Vestlandet som nyttar eigen arbeidskraft, industriell kapasitet og kompetanse. Investeringa vil i stor grad kunna finansierast med ferjeavløysingsmidlar. Prosjektet kan tilpassast naturverdiar og verneområde. Alternativet er å byggja nye ferjekaiar med tilførselsvegar som også vil vera kostbare, øydelegga natur og leggja beslag på areal.

Ferjene må vi betala for til evig tid. Bompengane på ei bru vil ta slutt. Det framtidsretta alternativet er Sunnfast. No er eit utgreiingsarbeid i gong, og vi ser i spaning fram til kva det vil visa.

Alle kommunar, anten dei er styrt av venstre- eller høgresida, vil ha Sunnfast. Det vil Raudt òg.

I påvente av Sunnfast vil Raudt jobba for at ferja frå Kvinnherad til Stord snarast råd skal gå frå Sunde. Raudt støttar også samferdslepakkane i ulike kommunar så sant dei bl.a. prioriterer trafikksikring. Vi er imot bompengar, men kan vera med på å vedta slike pakkar dersom vi meiner dei vert brukt rett.