Springflaumen under uveret Didrik i midten av januar. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Ekstremværet Elsa gir høg vasstand på vestlandet, spesielt natt til tysdag. – Sjå etter lause ting som ligg langs kaier og sjekk båtfortøyingar, er oppmodinga frå kommunalsjef Knut J. Gram.

– Det er sendt ut raudt farevarsel for høg vasstand på Stord måndag og tysdag. Vasstanden er ifølgje meteorologisk institutt venta å vere høgast natt til tysdag. Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten, skriv Stord kommune på nettstaden sin.

Gram er beredskapsansvarleg i kommunen og ber folk som bur tett på sjøen ta førehaldsreglar.

– Sjå etter lause ting som ligg langs kaier og sjekk båtfortøyingar!

Meteorologisk institutt estimerar at vasstanden vil kunne bli 80-100 centimeter over høgden oppgjeve i tidevasstabellane. 

– Unngå ferdsel i strandsonen. Vurder å ta båten opp på land og sikre lause gjenstander inne i naust og i strandsonen, skriv metorologane.

- Annonse -

Dei oppgir flaum mange stader, samt fare for større øydeleggingar på infrastruktur og bygninger i strandsonen som ein konsekvens av ekstremværet.

John Kleveland som driv utestaden Sjøhuset er vane med å løfte på sandsekker. Utestaden ligg utsatt til på Leirvik, og då uveret Didrik gav stormflo i januar kunne han vasse i sjøen rett utanfor bygget.

– Eg trur ikkje eg kjem til å plaske i vatnet i kveld, men eg skal ned og dekkje til. Eg satser på at det går bra denne gangen også. Sist gang hadde eg 30 centimeter å gå på før vasstanden nådde døra. fortel han.