Rose Maiken Flatmo toppar Raudt si liste på Stord. Foto: privat
- Annonse -

DEBATT: Raudt ønskjer eit desentralisert Noreg med levande distriktar. For å lykkes med dette må me sørge for likeverdige tenestetilbod over heile landet.

Av: Rose Maiken Flatmo,
Ordførarkandidat, Stord Raudt

Raudt er for eit sterkt lokaldemokrati. Det inneberer at innbyggjarane får ein reell moglegheit til å delta i avgjersler som gjelder kvardagen og livsvilkåra deira.

For Raudt Stord betyr dette at me vil lytte til og utforme politikken saman med ei som blir berørt av avgjerdene og saman med dei tilsette og deira tilltisvalde.

Raudt meiner dei beste avgjerslene tas nært folk. Derfor er me mot kommune- og regionsreformene som konsentrerer den politiske makta i Noreg på færre hender.

Me meiner ingen kommunar eller fylker bør slås saman med tvang, og heller ikkje utan at det er godkjent gjennom folkeavstemming i kvar av dei berørte kommunane eller fylka. Færre folkevalte organar skaper større avstand mellom dei som styrer og folk flest.  Det skal vere mogleg å forstå polikken lokalt, og vite kven som er avsvarleg for det som skjer.

- Annonse -

Raudt ønskjer eit desentralisert Noreg med levande distriktar. For å lykkes med dette må me sørge for likeverdige tenestetilbod over heile landet.

Raudt meiner at staten skal full finansiere oppgåver som overføres til kommunane. Vi meinar at viktige offentlege tenester bør løysast nærmast mogleg befolkninga dei er til for. Derfor har Raudt vert aktive i kampen mot nedleggingar av lokalsjukehus over heile landet dei siste åra.

- Annonse -