Foto: Midtsiden
- Annonse -

Ein mann i 40-åra blei køyrt i arresten.

Klokka 23.45 fredag kveld tok politiet hand om ein mann i 40-åra etter meldingar om trugslar, herverk og kroppskrenkingar.

– Politiet fekk melding om ein mann som var trugande overfor ein annan mann,opplyser Sørvest politidistrikt.

Han skal også ha ramponert leiligheten til meldaren.

– Mannen blei beslutta arrestert, mistenkt for kroppskrenkelse og blei køyrt til arresten.

Politiet opplyser at det er ukjent om det var ein relasjon mellom dei to.

- Annonse -