Raga Rockers kjem til Fest i Vest 2019. Pressefoto
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– At me får eit av dei fira store viser at me klarar å få på plass artistgrupper av ein storleik som me berre kunne drøyma om.

Raga Rockers vert ofte omtalt som ein av dei fire store innan norsk rock på 80-talet. Bandet har gitt ut heile 12 studioalbum og underhaldt det norske folk med eit hundretals konsertar opp gjennom åra.

No er dei klare til Fest i Vest 2019.

– At me får eit av dei fira store viser at me klarar å få på plass artistgrupper av ein storleik som me berre kunne drøyma om. Dette blir ei fantastisk oppleving for alle publikummarar i Sagvåg under årets festival, seier festivalleiar Britt Heidi Værøy.

I fjor kom også filmen om frontfigur Michael Krohn, som vann Gullruten for beste dokumentarfilm førrre helg.

– Verkeleg i toppen i Norge

Anders Fosse i festivalleiinga er også i ekstase over bookinga.

- Annonse -

– Å få høve til å stå i Sagvågen å synga med på sangar som «Hun er fri» og «Noen å hate» blir fantastisk! Raga Rockers er verkeleg i toppen i Norge, noko to fullsette hus på Rockefeller i januar stadfestar, seier Fosse.

Han trur det blir god stemning på laurdagskvelden då bandet skal spele.

– Det kjem til å bli fantastisk stemning blant publikum med desse saman med Shanty-koret.

Hilde Skaar blir også å sjå på årets festival. Foto: NRK

Lokal popstjerne kjem

Annonseringa kjem like etter bookinga av den lokale popstjerna frå Stord, SKAAR, eller Hilde Skaar som ho eigentleg heiter.

Stord-jenta entra den musikalske scena i ein alder av 18 år, og har gitt ut mykje ny musikk dei siste åra, mellom anna hiten «Higher Ground».

– At me får ei lokal jente på scena betyr utruleg mykje for oss. Me var heldige som fekk oppleve ein fantastisk konsert med ho under årets 100 Dagar-festival, og gler oss mykje til ho kjem til oss i Sagvåg, seier festivalsjef Britt Heidi Værøy.

Frå før er det kjent at Bjørn Eidsvåg, Storm Weather Shanty Choir og Vestlandssatsinga Kriminell Kunst kjem til årets festival.

I følgje Anders Fosse er det framleis fleire artistar på lur.

– Det kjem endå fleire. Me har iallfall eitt til ess i armen, seier Fosse som opplyser at billettsalet til festivalen startar onsdag.

- Annonse -