Rackethallen er svært dårleg fotfatning. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen meiner at ein ny hall til over 40 millionar kroner på Vikahaugane er naudsynt å investere i for kommunen.

Det vart i 2013 gjort ei tilstandsvurdering av Rackethallen på Vikahaugane i samband med skader på taket.

Tilstandsrapporten viste at etter ei mellombels forsterking av taket, kunne ein rekne med ei restlevetid på inntil tre til fem år. No er fem år gått.

Fleire kontrollar har ikkje avdekka at situasjonen for bygget er kritisk, men ved mykje vind og stort snøfall vert hallen stengt for bruk.

Avgjerande hallkapasitet

Rådmannen meiner at å rehabilitere hallen ikkje er eit godt alternativ, då det vil utløyse lite i spelemidlar til kommunen.

At det må byggast ein ny hall er rådmannen difor ikkje i tvil om.

- Annonse -

– Hallkapasiteten som Rackethallen utgjer er heilt avgjerande både for at skulane og idretten skal kunne oppretthalde det tilbodet dei har i dag, skriv rådmannen.

Førebels kostnadsoverslag viser at ein ny hall vil koste 41 millionar kroner, inkludert det ein får att i spelemidlar. I tillegg kjem utgifter for riving av eksisterande hall, på om lag 800.000 kroner.

Kan bli byggestart i 2020

Dei årlege utgiftene for kommunen for drift og kapitalutgifter er rekna til nærare ein million kroner, noko som vil bli delvis finansiert gjennom leigeinntekter frå Hordaland fylkeskommune.

No skal politikarane vedta å gå vidare med eit forprosjektprogram for hallen. Det vart lagt opp til at endeleg byggevedtak då kan gjerast i 2020, med byggetid på eitt år.

Dagens rackethallen vart oppført i 1992, etter initiativ frå Stord tennisklubb, Stord
bordtennisklubb, Stord badmintonklubb og Stord kommune

- Annonse -