Litlabø barnehage blir nedlagt til neste haust. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Samtidig vil rådmannen slå saman Sagvåg og Tjødnalio barnehage til ein ny eining.

I budsjettframlegget kjem rådmannen med fleire større endringar i barnehagestrukturen på Stord.

Bakgrunnen er den svært utfordrande økonomiske situasjonen for kommunen, og at dei kommunale barnehagane slit med ledig kapasitet som gir høg stykkpris og auka overføring til private barnehagar.

Vil legge ned frå 1. august

Eit av dei mest omfattande endringane rådmannen føreslår er å leggje ned Sagvåg og Litlabø barnehage, avdeling Litlabø frå 1. august 2018. Dette vil innebere ei innsparing på 0,9 millionar kroner for kommunen. I dag er det 15 born som går i denne barnehagen.

– Avdelinga held til i eit gamalt bygg som er ueigna for moderne barnehagedrift, og fordi driftskostnadane til avdelinga er høgare enn i dei øvrige barnehagane, skriv rådmannen.

- Annonse -
- Annonse -

Samtidig ønskjer rådmannen å slå saman Tjødnalio barnehage med Nysæter-avdelinga til Sagvåg og Litlabø barnehage. Dette vil også gi kommunen ei innsparing på 0,9 millionar kroner ved at ein av barnehagestyrar-stillingane då vil forsvinne.

– Eitt årsverk styrar-/administrasjonsressurs, som barnehagen har i dag, er mykje i ein så liten barnehage. Rådmannen rår difor til å slå saman Sagvåg og Litlabø barnehage og Tjødnalio barnehage og gje dei 1,5 årsverk i styrar-/administrasjonsressurs dersom avdelinga på Litlabø vert lagt ned.

Legg opp til ny barnehage

- Annonse -

Rådmannen føreslår at mellombels namn på Tjødnalio barnehage og Sagvåg og Litlabø barnehagen er Sagvåg barnehage.

Dersom Sagvåg og Litlabø barnehage si avdeling på Litlabø vert lagt ned, vil barnehagen ha plass til om lag 34 barn når korrigert for alder.

Samtidig legg rådmannen opp til at det vert planlagt for ein ny barnehage i Sagvåg bydel, og tek sikte på å legge fram ei politisk sak våren 2018. Det er ikkje nemnd om dette er snakk om ei utviding av barnehage i Tjødnalio slik det tidlegare har blitt bestemt, eller ei anna lokalisering i bydelen.

Den nye barnehagen i Sagvåg er estimert å koste 57,4 millionar kroner. Rådmannen meiner ein bør vurdere å overføre dagens Trodlahaugen barnehage til den nye barnehagen når den står ferdig.

Vil redusere på Skogatufto

Rådmannen ønskjer også å legge ned ei avdeling i Skogatufto barnehage, noko som vil bli ein reduksjon på ni plassar og ei innsparing på 1,2 millionar kroner.

I 2017 var det ei nedgang på 43 barnehagebarn i høve 2016. Til neste år er det venta ei auke.

- Annonse -