Foto: Eldøyane næringspark
- Annonse -

Vil at auka kommunen sitt låneopptak med 5,7 millionar kroner for å sikre seg ein over fire mål stor hamnetomt på Eldøyane.

Bakgrunnen for salet er at Sunnhordland Naturgass, der Jan Kåre Pedersen er dagleg leiar, likevel ikkje vil bruke arealet til biogassanlegg. Som Stord24 tidlegare har meldt er Apply Leirvik sin nedlagte fabrikk på Seglneset i Sagvåg no den føretrekte staden for eit slikt anlegg.

Kommunen ønskjer å sikre seg meir hamneareal på Eldøyane for å kunne utvikle det til å bli ein større regional hamn, og syner mellom anna til den gunstige plasseringa av hamna.

Regional hamn

– Eldøyane bør ha føresetnader for å kunna utvikla ei attraktiv regional hamn for sunnhordlandsbassenget. Det går, i tillegg til den gunstige plasseringa i leia, på tilstrekkeleg bakareal for lagring, lasting og lossing, god tilgang på tenester til båtar ved kai (verkstad, sørvis m.m.) og god plassering i høve til E39, skriv rådmannen.

Det blå feltet markerer eigedomen som Sunnhordland Naturgass skal selje. Dei råd felta er eigedommar Stord kommune allereie eig.

Rådmannen meiner vidare at slike hamneareal kan bli ein knapp ressurs, og viser til at korkje Bergen eller Haugesund har etablert hamnar med tilsvarande landareal som på Eldøyane.

- Annonse -

Rådmannen peiker også på at ei utviding på Eldøyane kan vere med på å avlaste situasjonen på Leirvik.

Unngår konflikter

– Mangel på kai og areal vil kunna svekka Stord hamnestell sin posisjon som knutepunkt i Sunnhordland. Leirvik hamn er ikkje eigna for gods og har heller ikkje utviklingspotensiale. Her oppstår også lett konfliktar med naboane til hamna

Stord kommune sikra seg eit tilsvarande større hamneareal på Eldøyane tidlegare i år. Eigedomen som no skal seljast vert sett på som ein forlenging av dette.

I følgje utkastet til kjøpskontrakten vil Stord kommune overta eigedomen 1. februar 2018.

- Annonse -