Dette området kjøpte Stord kommune i fjor. Rådmannen meiner det bør byggast ut på denne tomta.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunestyret vedtok at rådmannen skal gå i forhandlingar med grunneigaren nord for Langeland skule. Det kan bli ei løysing på skulekrins-saka.

– Forslaget er ikkje å kjøpe, men å gå i forhandlingar med grunneigaren. Så vil me kome tilbake til ei eventuell sak når det gjeld kjøp, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

Det var koalisjonen og Venstre som fremja forslaget om å gå i forhandlingar om tomtekjøpet ved Langeland skule i kommunestyret torsdag. Det vart samrøystes vedteke.

Overskotsmassar

Bakgrunnen for saka plutseleg kom opp er at det opna seg ein unik moglegheit for å få planert myrområdet ved å bruke massane frå grunnarbeidet ved utbygginga av Langelandsstølen, berre nokre steinkast i frå.

Området det er snakk om ligg mellom Langeland skule og E39, rett nord for fotballbanen.

- Annonse -

– Det er tre grunnar til at me gjer dette. For det første er uteområdet ved skulen for lite i dag. Og for det andre er det for dårlege trafikkløysingar ved skulen. Dette området kan føre til betre parkeringstilhøve. For det tredje opnar dette for å utvide Langeland skule permanent på eitt eller anna tidspunkt i framtida, men dette er ikkje aktuelt før me skal rullere skulebruksplanen i 2020.

Ordføraren viser til at det uansett vil vere vekst i sentrumsnære område på Stord i framtida, og at det ikkje er mogleg å utvide på Leirvik skule. Difor er det viktig for kommunen å sikre seg høve for å ta i mot auka press på Langeland skule.

Kan løyse skulekrins-floka

Samtidig legg ikkje Epland skjul på at eit eventuelt tomtekjøp kan vere ei løysing på skulekrinssaka, slik at elevane i Horneland-området slepp å måtta gå på Tjødnalio skule frå neste år.

– Dette har ikkje nødvendigvis noko med skulekrinssaka å gjere. Dette er noko me gjer uavhengig av den saka, men det opnar jo opp for ein moglegheit for at den saka kan få ei midlertidig løysing, seier Epland som påpeikar at ei slik løysing også er avhengig av krevjande økonomiske prioriteringar.

– Kvifor kom denne saka plutseleg opp no?

– Grunnen til at me må gjere dette no er fordi dei no skal i gang med grunnarbeid med Langelandsstølen, og då har dei behov for å deponere overskotsmassar. Får ein til ein avtale mellom grunneigar og entreprenør så kan ein få til mykje på same tid.

– Dette er ei anna sak

Grunneigaren Andreas Hjartåker sa tidlegare i eit intervju med Stord24 at han var negativ til å avsjå land til kommunen når det gjaldt ei utviding av Langeland skule. Denne gongen er han meir positiv.

– Dette er eit heilt anna område, så om skulen kunne nytta dette området og samtidig sikre seg overskotsmassane på tomtefeltet, så hadde ikkje dette berørt dei områda rundt tunet som me er redde for og ikkje vil miste. Så dette er ein heilt annan sak.

– Har du vore i kontakt med kommunen om saka?

– Eg har ikkje høyrt noko frå rådmannen, så det verkar som det er eg som er den som sist høyrer noko av dei involverte. Eg avventar berre eg. Men det er jo klart at dette lyt skje faderleg fort viss dei skal få noko nytte av massane ved byggefeltet.

Det er Komité for oppvekst og utdanning som skal ta stilling til skulekrinssaka i møtet i november, før saka skal endeleg opp til handsaming i kommunestyret.

- Annonse -