Bømlo-rådmann Geir Aga er død. Foto: Bømlo kommune/Samarbeidet for Sunnhordland
- Annonse -

– Eit stort tap for familien og for Bømlo kommune.

Bømlo-rådmann og leiar i Trott IL, Geir Aga, blei hasteinnlagt på Haukeland sjukehus etter å ha fått hjartestans torsdag. Tilstanden var då skildra som kritisk.

I dag kom den triste meldinga om at Aga ikkje overlevde.

– Det er mëd stor sorg å melde at rådmann Geir E. Aga døde i natt kl. 00.15 på Haukeland sjukehus. Dette er eit stort tap for familien og Bømlo kommune, melder Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland i ei melding.

Flagget vert heist på halv stang ved rådhuset på Bømlo i dag.

– Våre tankar går no til Geir sine nærmaste.

- Annonse -

Den avtrappande ordføraren opplyser at det vil bli konstituert ny rådmann på eit ekstraordinert møte i dag.

– Formannskapet er kalla inn til ekstraordinært møte i dag der eg vil orientera om situasjonen, og konstituering av assisterande rådmann Aud Gunn Løklingholm som ny rådmann, seier ordførar Hovland.

- Annonse -