Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmann Magnus Mjør reagerer på den harde skytsen som Sunnhordland Naturgass rettar mot kommuneadministrasjonen.

Under dagens pressekonferanse, der SNG varsla at det ikkje blir noko biogassatsing på Stord, fekk Stord kommune hard kritikk for manglande informasjon når det gjeld kravet om reguleringsplan for Grunnavågen.

SNG varslar også mogleg søksmål for utgiftene dei har hatt knytt til planane i Grunnavågen, basert på at det ikkje vart opplyst om reguleringsplan i førehandskonferansen dei hadde med kommunen i starten av juni.

Rådmann Magnus Mjør seier han har full tillit til byråkratane i byggesaksavdelinga som har handsama biogassaka.

– Eg kan ikkje gå inn på ein diskusjon om enkeltting i førehandskonferansen, men det me har sagt er at me har vurdert kravet om reguleringsplan på bakgrunn av søknaden som SNG har sendt inn. Me forheld oss til det som ligg i bordet.

– Kva tenkjer du om eit mogleg søksmål mot kommunen?

- Annonse -
- Annonse -

– Nei, det får me ta når det eventuelt skjer. Men eg har full tillit til det som har blitt gjort i prosessen. Dette har vore ei viktig sak for kommunen, og me har lagt ned mykje tid og krefter på å legge til rette for denne etableringa. Men me må likevel behandle dette etter plan- og bygningslova.

Mjør reagerer på at kommuneadministrasjonen får såpass harde skyts frå Pedersen og Aaland.

- Annonse -

– Eg synest det er urimeleg å legge ansvaret på kommuneadministrasjonen for at det vert sett fram krav om regulering. Det fell på sin eigen urimelegheit. Det er ikkje noko hyggeleg beskjed, men me har altså brukt mykje tid og krefter på denne etableringa.

Gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad, skriv i ein kommentar at det ikkje er bra at også Sunnhordland Naturgass forsvinn vekk frå Stord, slik også Unitech måtte gjere for nokre år sidan.

– Det er ikkje bra for Stord at nok ei verksemd som ynskjer etablere seg på Stord ikkje får det. Ei verksemd som har framtida føre seg og som langt på veg ville kunne innfri Stord kommune sin miljøplan og krav til mindre forureining.

Svarstad meiner saka viser at det hastar å få på plass meir tilgjengeleg næringsareal i Stord, slik at ein er førebudd for eventuelt neste aktør som bankar på døra.

– Dette synleggjer også trongen for at Stord kommune snarleg legg til rette for meir næringsareal. Eg fryktar også for at potensielle etablerarar ikkje vil ha Stord kommune som sitt førstevalg. Stord har ein jobb å gjera for å fremja fokuset på å få fram attraktive næringsareal.

- Annonse -