Redaktør Ole Haukeland (t.v.) og styreformann Sigmund Sætre vart saman med årsmøtet i Radio Fitjar i går samde om å leggje ned radioen som har drive siden 1993. Arkivfoto: Håkon C. Hartveit/Fitjarposten
- Annonse -

Årsmøtet i Radio Fitjar vedtok i går å legge ned radioen som framleis sender på 105,9 Mhz på FM-bandet.

Av: Håkon C. Hartvedt, Fitjarposten

Årsaka til nedlegginga er mykje den nye situsjonen som har oppstått etter at DAB-nettet har teke over. Ein får no nærradioar som Radio Gnisten, P7, Kristen Radio Vest og fleire andre kristne radioar klart og tydeleg inn på Fitjar. I tillegg kjem alle internettradioane.

Mange av desse sender mykje av dei same programtilbodet som Radio Fitjar gjer, så det blir litt smør på flesk og unaudsynt penge- og tidsbruk å drive vidare, slik situasjonener no. Ein annan situasjon hadde det vore om radioen hadde hatt folk til å lage fleire lokale program. Men det har ein ikkje hatt på ei god stund.

Radio Fitjar vart starta i 1993, og har altså halde det gåande i 25 år. Radio Fitjar er skipa av dei kristne organisasjonane som er knytte til bedehusa i Fitjar-bygdene.

Radiokanalen har hatt sendetid måndag til fredag mellom klokka 12 og 21.

- Annonse -

– Når tek sendingane slutt?

– Me veit ikkje heilt kor lang tid avviklingsprosessen vil ta. Men det vert i alle fall i løpet av året, og me kjem tilbake med nærare orientering om dette når me
veit meir, seier styreformann Sigmund Sætre, til slutt.

- Annonse -