- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

1700 publikumarar tok turen til laurdagens konsertar på Fest i Vest. Det er langt meir enn kva arrangørane håpte på.

– Det har jo gått veldig bra i år også. Alle eg snakkar med i prosjektgruppa er slitne, men veldig nøgde. Og med tre år med strålande vêr så kan det ikkje bli betre. Det har vore heilt fantastisk, fortel Anders Fosse i Fest i Vest.

Sjå video frå festivalen øvst i saka. Video/red.: Jimmi Salomonssen

Heilt frå opningskonserten med Endre Olsen klokka 20.30 var det godt med folk framføra festivalscena i Sagvåg laurdag. Men det blei tjukkare og tjukkare med folk fram til det store trekkplasteret Janove, gjekk på scena.

– Veldig godt nøgd

– Det var 1700 som kjøpte billett i går kveld. Estimatet vårt har vore 1100-1200 besøkande. Det var det me håpte på. Så me er jo veldig godt nøgd.

– Er det takka vere Janove at så mange tok turen?

- Annonse -

– Janove var absolutt det største trekkplasteret. Samtidig var det kø utanfor døra då me opna festivalområdet. Det var mykje folk frå første strofa til Endre Olsen.

Fosse fortel at det var 700 som hadde kjøpt billett til fredagen, noko som var rundt det dei estimerte på førehand.

Festivalglimt frå laurdagen:

Unik oppleving å koma til Sagvågen

Fosse har berre skryt å kome med om festivalpublikumet.

– Tilbakemeldinga frå artistane er at dei var veldig imponerte over stemninga då dei sto på scena og då dei mingla på konsertområdet. Det var ein unik oppleving for dei å koma til Sagvågen.

Sjølv med ein soleklar publikumsrekord fortel Fosse at dei har mykje å gå på før taket vert nådd når det gjeld kapasiteten ved scena. Det er større utfordringar når det gjeld fasilitetane.

– Det er kapasitet til ein god del folk her, og i teorien har me lov å sleppe inn dobbelt så mange, rundt 3500 folk. Men det er fasilitetane det står på, som toalett, sal av bongar og øl. Det er her det blir flaskehals.

Vil ha innspel om å bli betre

Spesielt når det gjeld toalettfasilitetane for damer var det til tider svært lange køar.

– Me hadde eit problem der som me ikkje klarte å løyse. Det synest me var veldig dumt, og må ta med oss vidare. Likevel merka eg at sjølv om folk sto i kø lenge så var det ikkje dårleg stemning.

Med så mange besøkande er Anders Fosse trygg på at dei går mot eit solid overskot etter årets festival, og er klar til å gjenta suksessen til neste år. Men han er veldig interessert i å få tilbakemeldingar frå folk om kva dei kan bli betre på.

– Me er veldig interessert i innspel om korleis me kan gjere festivalen endå betre, og tilbakemeldingar på kva som ikkje har fungert. Me vil jo laga ein festival for heile Stord, så om det er nokon som har ein god idé er det berre å ta kontakt.

Årets festival er enno ikkje ferdig. Klokka 18 skal Janove ha ei ny konsert i Nysæter kyrkje, og her er det framleis ledige billettar igjen.

- Annonse -