Inbebjørg Habbestad Sandvik (i midten) har stått for den daglege drifta i kafeen i Port Steingard på Kråko. Foto:; Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg er umåteleg stolt over staden me har skapt langt utanfor allfarvei, og oppmodar alle til å fortsetje å bruke plassen, seier Ingebjørg Habbestad Sandvik, som gir seg som kafévert på Fitjar.

Sandvik opplyser i dag på Facebook at PS Bryggekafe på Fitjar er blitt selt til Kråko Utvikling AS.

Dermed gir ho seg også som kafévert, og gir stafettpinnen vidare til Randi Dalen frå Kråko Gjestetun, som vil organisere drifta vidare.

– PS Bryggekafe vil bestå med den samme gode stemninga, med den samme gode baksten og du vil treffe igjen mange av dei flotte ungdommane eg har hatt med meg, seier Sandvik, som er blitt viden kjend for surdeigsbrøda sine.

I dag er kafeen eigd av Ingebjørg Habbestad Sandvik, Erlend Blåka Sandvik, Johannes Sandvik og Jorunn Hernes.

Port Steingard-bygget frå utsida. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Vil vere ope heile året

Ho opplyser at opningstidene for kafeen vil bli utvida med dei nye eigarane, allereie frå nyttår.

- Annonse -
- Annonse -

– Etter nyttår vil det vere open kafé kvar helg året rundt, med blant anna søndagsmiddagar og mange spennande arrangement.

- Annonse -

Randi Dalen fekk saman med ektemannen Kristoffer Dalen nyleg næringsprisen i Fitjar kommune for mange satsingar i Fitjar-samfunnet. Dei har vore sentrale i å skape engasjement i Kråko og utbygging av fritidsbustader i Kråko hytteområde, samt etablering av Fitjar sjø og camping.

Prisvinnarane Randi og Kristoffer Dalen, flankerte av ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef Bente Bjelland. Foto: Kjetil Rydland.

– Umåteleg stolt

PS Bryggekafé starta drifta våren 2017, og i følgje Ingebjørg Habbestad Sandvik har det vore ei suksesshistorie.

– Eg er umåteleg stolt over staden me har skapt, langt utanfor allfarvei, og oppmodar alle til å halde fram med å bruke plassen. Me har fått ein fantastisk mottaking desse to sesongane me har halde på. Dette hadde eg ikkje fått til utan dei flotte gjestane som har besøkt oss, seier Sandvik.

– Takk for meg. Det har vore eit eventyr!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -