Birger Taranger haldt appell i fjellet søndag. Foto: Stord-Fitjar turlag.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Me må ikkje vera naive, me må ikkje sova og tru det er ein draum den dagen me vaknar av brølet frå gravemaskinane langs breddene på Svartavatnet. 

Av: Birger Taranger,
Stord/Fitjar turlag

Stord-Fitjar turlag feirar i år 25 år med organisert turgåing i skog og mark og fjell på Stord-øya, 25 år med stirydding, stimerking, brubygging og tilrettelegging  for at flest muleg skal kunna bruka og oppleva den flotte naturen me har på øya.

Men bruk inkluderer og vilje og evne til å ta vare på denne naturen me har så stor glede av, ut frå respekt for det mangfald av liv og landskap den representerer.

Når me i dag ser takten i nedbygging og industrialisering av urørt natur, er det på tide å ropa eit høgt varsko. FN sin siste rapport om natur-og artsmangfald manar til kamp, og her på øya gjeld det heilt konkret Midtfjellet vindpark og det ansiktslause Aquila Kapital sine planar om å først å fylla Grønafjellsområdet med vindmøller, og sannsynlegvis seinare, når NVE si tilråding for eigna vindmølleområde på øya er vedtatt, å halda fram med Morkjo-utbygging.

Alle er samde om at utsleppsfri energi er viktig pga klimatrugsmålet, men Stord-øya har tatt nok av den naturbelastninga vindmøllene inneber. Og det trur eg dei fleste både på Fitjar og Stord er einige om. Politikarane i begge kommunane ser ut til å vera einstemmige mot vidare utbygging. Me kan håpa at dette er nok, men me kan ikkje slå oss til ro med det. Innbyggjarane på Frøya i Trøndelag gjekk til direkte aksjon for å stoppa gravemaskinane, men no er dei og kommunestyret overkjørte av fylkesmannen, og Trønderenergi kan setja i gong. Dette viser at me må ikkje vera naive, me må ikkje sova og tru det er ein draum den dagen me vaknar av brølet frå gravemaskinane langs breddene på Svartavatnet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tysk investeringskapital gret ingen tårer for øydelagt natur på Stord. No eig Aquila kapital 97% av Midtfjellet vindpark, og deira einaste sorg er om investeringane ikkje gir god nok avkastning. Eg har inga tru på at eit anmonymt europeisk investeringsfond trekkjer søknaden til Midtfjellet vindpark attende om Fitjar kommunestyre og eit stort fleirtal av innbyggjarane på øya går mot vidare utbygging, når Trønderenergi, som trass alt høyrer heime i landsdelen, nekta å ta hensyn til innbyggjarane på Frøya.

Får Aquila kapital konsesjon frå Olje-og energidepartementet, fryktar eg det skal meir enn eit kommunestyrevedtak til for å stoppa dei. Høyr berre kva advokatrepresentantane deira, som sjølsagt held til sør for Sinsen-krysset, seier: «Man må ikke skape politisk usikkerhet rundt investeringene til disse fondene.» Nei, berre overkjør nissane frå dei berørte utbygdene langs kysten og innlandet, for dei veit sjølsagt ikkje sitt eige beste.

Godtfolk, me har ei svært god sak, me går for naturen, men me må vera budde på kamp!

Denne teksten blei halde som appell ved søndagens protestmarsj mot vindmøllebygging i Stord-fjellet.

- Annonse -