Det siste ordet er sagt frå politikarane om skulpturen Den høgreiste og havet.
- Annonse -

Utsmykkingsfondet meiner det er bortkasta å greie ut andre alternativ for kunstverket «Den høgreiste og havet» enn Torget.

Kommunestyret valde i desember i fjor å utsetje å ta ei avgjerd om kvar kunstverket til Anders Kjellesvik skal stå.

Seinare har rådmannen i Stord kommune spurt utsmykkingsfondet om dei kan førebu ei skisse og ein kunstfagleg og teknisk vurdering av andre aktuelle plasseringar før saka skal til politisk handsaming på ny til hausten.

Fast bestemt på Torget

No protesterer Utsmykkingsfondet mot rådmannen sitt ønskje. Fondet er fast bestemt på å halde ved å det tidlegare vedtaket om å plassere kunstverka på Torget og i Vidsteensparken.

– Styret meiner saka er godt nok utgreidd. Den politiske saka inneheld forslag frå kunstnaren til alternative forslag til plassering og økonomiske konsekvensar av å greie ut alternativa. Styret meiner at saka vil verte meir oppklarande dersom kunstnaren sjølv kan stille i kommunestyret for å svare på ulike spørsmål som måtte kome, skriv utsmykkingsfondet.

- Annonse -
- Annonse -

Fondet ønskjer å installere kunstprosjektet på ein slik måte at det seinare kan flyttast på, dersom kommunedelplanen som vil vere gjeldande frå 2021 vedtek å anna type bruk av Torget.

- Annonse -

Usemje om plassering

Leiaren i utsmykkingsfondet, Marit Tislevoll Odland, forsøkte å vedta den same ordlyden i næring, miljø og kultur-komiteen (NMK) før sommaren, for å få ei endeleg avklaring på at skulpturen skal plasserast på Torget. Men etter lang debatt vedtok komiteen å røyste mot dette forslaget.

Det er mellom anna NMK-leiar Bente Bjelland i Arbeiderpartiet som har fremja forslag til å plassere skulpturen ein annan stad enn på Torget. Ho ønskjer å heller installere den i Borggarden, som del av eit leike- og aktivitetsområde.

Til hausten skal kommunestyret ta endeleg stilling til prosjektet til Anders Kjellesvik, som no har stått på vent i snart to år.

Det var i 2014 at utsmykkingsfondet bestemte å bruke 1,2 millionar kroner på kunstprosjekt på Torget. Utsmykkingsfondet valde å gå for kunstverket til Anders Kjellesvik, etter ein lukka prosess utan offentleg innsyn.

- Annonse -