Bømlo-ordføra Odd Harald Hovland (Ap) og fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) takka Svein Arne Theodorsen for god innsats som styreleiar i Moster Amfi. Foto: Moster Amfi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Svein Arne Theodorsen gjekk torsdag av som styreleiar i Moster Amfi, etter å ha hatt vervet sidan 2010.

Under styremøtet torsdag fekk eigarane, representert ved Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland og Hordaland fylkeskommune sin fylkesvaraordførar Pål Kårbø, retta ein stor takk til Theodorsen.

Dei peika på den store innsatsen som Theodorsen, som også er prost i Sunnhordland, har gjort. Hovland og Theodorsen var svært einige i at samarbeidet dei imellom hadde vore svært godt.

Ola Ersland vert den nye styreleiaren i Moster Amfi. Ersland kjem frå Bømlo og har skrive fleire minnebøker om livet før i tida. Han er også politikar for KrF på Bømlo.

Han har berre godord å seie om forgjengaren.

- Annonse -

– Svein Arne har vore ein trygg og solid styreleiar som har ofra mykje tid til gagn for Amfiet.

- Annonse -
- Annonse -

– Han har vore igangsetjar og pådrivar for eit nytt 1000-års jubileum, og har gjennom desse åra gjort fleire oppgraderingar. Det største løftet har vore dei nye benkene i ute-amfiet med ei kostnadsramme på 6,5 millionar kroner, seier Ersland.

Den nye daglege leiare i Moster Amfi, Nina Meldahl Olsen, seier at Theodorsen har vore svært viktig for ho i oppstarten i ny jobb og kan ikkje få rosa han nok for all hjelpa han har gitt. Både ho og Ola Ersland  gler seg over at han vil vera styret sin konsulent for riksjubileet i 2024.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -