Det kan bli ein heilt ny klatrehall på Nysæter. Her frå ein nyopna hall i Frøya kommune.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– For klatreklubben sin del hadde det vore ein kjempefordel å ha ein eigen hall, seier Vidar Vedå i Stord Klatreklubb.

Det er for tida full uvisse om korleis idrettsanlegget i tilknyting til Nysæter ungdomsskule vil bli. Grunna misforståingar har ikkje arkitektane vurdert basishall i forprosjektet til skulen, og samtidig har dei funne at svømmebassenget er i svært dårleg forfatning og modent for utskifting. Politikarane vedtok førre veke å legge basishallen på is.

Men det er ikkje berre skjer i sjøen for idrettsmiljøet i Sagvåg. Prosjektgruppa har nemleg også vurdert fasilitetane som skal byggast i tilknyting med fleirbrukshallen.

I eit notat kjem det fram at dei anbefalar sterkt å bygge ein eigen klatrehall i tilknyting til fleirbrukshallen, og ikkje berre ein klatrevegg, slik som først var tanken.

Gunstig finansiering

Opphavleg var det planlagt ein klatrevegg på 12x10x5 meter, altså om lag det same som klatrevggen på Vikahaugane.

Men no viser det seg at det kan vere meir gunstig for kommunen å bygge ein eigen klatrehall. Føresetnaden for å få finansiert klatreanlegget med spelemidlar er nemleg at klatreanlegget har ein minstekonstnad på 6,6 millionar kroner.

- Annonse -
- Annonse -

– Prosjektgruppa har valt å jobbe vidare med ein slik hall fordi dette vil kunna gi eit tilbod til personar som i dag ofte ikkje nyttar seg av organiserte aktivitetar som fotball.

Gruppa skriv at ein klatrevegg ikkje vil eit like godt tilbod.

– Tilrettelegging for klatrevegg i fleirbrukshallen vil truleg ha ein kostnad på om lag éin million kroner, og ikkje på same måten kunna gi eit slikt tilbod.

- Annonse -

Kostnadane med ein klatrehall er av arkitektane estimert til å koste sju millionar kroner.

Vidar Vedå er styremedlem i Stord Klatreklubb. Foto: Roald Sundal

– Kjempefordel

Styremedlem i Stord Klatreklubb, Vidar Vedå, seier at ein klatrehall hadde vore svært positivt for klatremiljøet på Stord, og viser til ugunstige forhold i dagens klatrevegg på Vikahaugane.

– Slik me har det i dag er det ofte me ikkje klatre grunna andre aktivitetar i hallen, til dømes i helgene. For klatreklubben sin del hadde det vore ein kjempefordel å ha ein eigen hall. I dag klatrar me jo på ein gammal vegg som berre plassert oppå ein trapp.

Vedå fortel at klatreklubben har vore i møte med prosjektgruppa, der dei har argumentert i mot å bygge ein mindre klatrevegg, og viser mellom anna til at ein slik vegg ikkje vil vere godkjent for konkurranseklatring.

– Opphavleg hadde dei tenkt å bygge ein klatrevegg på sju meter. Det er jo mindre enn veggen på Vikahaugane, og hadde ikkje utløyst noko i tippemidlar.

Vedå fortel at klatreklubben også har oppsparte midlar som dei ønskjer å bidra med til ein buldreanlegg.

– Fordelen med ein klatrehall er at mekan få eit buldrerom. Me manglar buldrevegg på Vikahaugane. Det har me spurt om på Vikahaugane i 14 år, og dei har ikkje noko areal som kan fungere som noko sånt, seier Vedå.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -