Prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik. Foto: HVL
- Annonse -

Prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik, kan forstå at det blir stilt spørsmål ved om fusjoneringa har bidratt til dei sterkt fallande søkjartala til høgare utdanning på Stord.

Årets søkjartal som vart publisert torsdag, viser ei sterk nedgang i søkjartala for nesten alle studiatilboda ved HVL på Stord.

– Eg tenkjer at dette er bekymringsfullt. Dette er ikkje berre mi bekymring, men det er HVL sin bekymring. Me prøvar å tenkje kreativt på kva som kan gjerast for å lukkast med å vidareutvikle campus Stord, seier Selvik.

– Me har teke tak i dette problemet ved å setje ned ei gruppe på Stord som jobbar for kva me kan gjere for å få campus Stord til ein meir søkt studiestad. For oss er det viktig å ha utvikling på alle våre fem campusar, seier ho.

– Sidan HVL-fusjonen har Stord mista ein tredjedel av søkjarane. Kan du forstå dei som skuldar på fusjonen for den negative trenden?

– Eg kan forstå at ein stiller spørsmål ved det. No veit me jo ikkje korleis dette ville sett ut dersom me ikkje hadde fusjonert. Men det er viktig å seie at det var krevjande å få akkredditert den nye grunnskulelærarutdanninga, og ein av grunnane til at ein gjekk for fusjon. Eg seier ikkje at lærarutdanninga på Stord hadde vore lagt ned utan fusjoneringa, men ein må sjå på kva alternativet hadde vore. Lærarutdanninga på Stord har slite også før fusjonen.

- Annonse -
- Annonse -

– Så skulle me gjerne ønskt at fusjonen gav ein boost for å få opp søkjartala. Det har den diverre ikkje gjort så langt. Men om nedgangen skuldast fusjonen meiner eg er vanskeleg å seie.

– Onsdag varsla Nord universitet at dei ville legge ned to av dei minste campusane. Har ein grunn til å frykte ei nedlegging på Stord dersom søkjartalane held fram med å gå ned?

- Annonse -

– Det å legge ned campusar er ikkje ein diskusjon i HVL, korkje i leiinga eller i styret. Me må snu alle steinar me kan for å snu denne utviklinga, men nedlegging har ikkje vore diskutert i det heile.

– Kva konkrete forslag har de kome fram til for å styrke Stord som studiestad?

– Det å sjå på fagtilbodet er ein viktig del. Blant anna ser me på dette med «vestlandsklassar», der me kan tilby fag på tvers av campusane. Det betyr at ein kan få eit breiare fagtilbod.

– Har de vurdert å opprette nye studietilbod på Stord for å få opp søkjartala?

– Det har det ikkje vore konkrete forslag på så langt. Men eg seier ikkje at det ikkje kan kome. Me må prøve å vere kreative. Me har tidlegare hatt ingeniørutdanninga Stordmodellen. Der fekk me til eit kull, og så har me diverre ikkje lukkast med å vidareføre det.

- Annonse -