Foto: Midtsiden
- Annonse -

Ein mann blei teke med til legevakta etter mistanke om ruskøyring.

Like etter klokka 04 natt til onsdag stansa ein politipatrulje ein mannleg bilførar for kontroll.

Det gav utslag på alkoholmålaren.

– Det var utslag på alkohol, og føraren blei teken med til legevakta for blodprøve, opplyser Sørvest politidistrikt.

Mannen fekk førarkortet beslaglagt på staden, og politiet oppretter sak på forholdet.