Symjehallen i kulturhuset står føre omfattande rehabiliteringsbehov. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Behovet for rehabilitering av symjehallen i kulturhuset kan vere av eit slikt omfang at ein bør vurdere å byggje eit nytt basseng, skriv rådmannen.

Eigedomsavdelinga i Stord kommune melder at det i nær framtid vil melde seg større rehabiliteringsbehov i bassenget i kulturhuset. Problema står i kø:

* Bassengkroppen og fuginga er i ferd med å forvitre
* Ny lekkasje i vår
* Vindaugskarmane er i ferd med å rotne opp
* Heile vindaugsfasaden treng fornyast

Dette kjem i tillegg til større rehabiliteringar som har blitt gjort dei siste åra. For to år sidan var bassenget stengt heile sommarsesongen grunna lause takplater, og i fjor vart bassenget kortvarig stengt grunna eit øydelagt ventilasjonsanlegg.

Rådmann Magnus Mjør. Foto: Stord kommune

Kan vere nødvendig å bygge nytt

Summen av dette gjer at kommunen no er begynt å rekne på om det kan vere meir lønsamt å legge ned den 40 år gamle symjehallen for godt, og heller bygge eit nytt basseng.

– Det må utarbeidast ein tilstandsrapport for å få oversyn over den faktiske situasjonen. Behovet for rehabilitering kan vere av eit slikt omfang at ein bør vurdere å byggje eit nytt basseng, skriv rådmann Magnus Mjør.

- Annonse -

Men rådmannen har dårleg tid. Det er nemleg ei anna basseng-sak som politikarane må ta stilling til i haust, nemleg om det skal byggast eit nytt basseng knytt til nye Nysæter ungdomsskule.

Politikarane har tidlegare vedteke at dagens basseng skal vidareførast i den nye skulen, men i eit ferskt notat laga av arkitektane bak skulen anbefalar dei sterkt å rive den eksisterande symjehallen ved skulen og heller bygge opp ein ny.

Det grunngir dei mellom anna med manglande universell utforming, kompliserte byggtekniske forhold og høge rehabiliteringskostnadar.

Må jobbe kjapt

For å sikre framdrifta av ungdomsskulen må dette spørsmålet avklarast i løpet av hausten.

Rådmannen har difor sett ned ein prosjektgruppe som skal ta stilling til heile basseng-tilbodet i byen, inkludert bassenget i Rehab-senteret. Spørsmåla som skal avklarast er:

– Er modellen med tre basseng i kommunen føremålstenleg?
– Bør ein samle dei kommunale bassenga i eitt bygg?

Gruppa som skal vurdere saka består av einingsleiar i Stord kommunale eigedom, Arne Bjelland, kommunalsjefane Lovise Vestbøstad, Knut Gram og Mariann Jacobsen Hilt, og einingsleiar i kulturhuset Herdis Belsvik.

– Det må haldast stram framdrift på arbeidet, oppmodar rådmannen.

- Annonse -