Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Til neste år vil Stord kommune sine utgiftar til dei private barnehagane auke med 18,7 millionar kroner. Det utgjer halvparten av den estimerte underbalanse på heile 40 millionar kroner.

Stord kommune vil få ein kraftig utgiftsauke til neste år når det gjeld overføring til dei private barnehagane. Kommunen må ut med nær 19 millionar kroner.

Dette er hovudårsaka til at kommunen spår ein underbalanse på 40,4 millionar kroner for 2018-budsejttet

For dårleg utnytting

Rådmann Magnus Mjør seier at ein så stor underbalanse er mykje meir enn normalt.

– Dette er ein god del strammare enn me har sett dei seinare åra. Det er jo spesielt at dette med barnehagekostnadar utgjer så mykje. Dette syner at det er for dårleg utnytting av dei kommunale barnehageplassane, seier Mjør.

- Annonse -
- Annonse -

Årsakene til den kraftige utgiftsveksten er at det er blitt mindre populært å velje kommunale barnehagar på Stord. I tillegg har Skogatufto barnehage redusert med ein avdeling.

Mjør peiker på at dei private barnehagane på Stord er små og relativt dyre. I tillegg tilbyr dei berre fulltidsplassar, og ikkje deltid slik nokre av dei kommunale barnehagane gjer. Når stadig fleire familiar får innvilga gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling, så er summen av dette at blir svært mykje dyrare for Stord kommune å betale for dei private barnehagane.

– Overføringa til private barnehagar skuldast først og fremst som følgje av redusert barnetal i kommunale barnehagar, som aukar satsen for overføringar til dei private, skriv Mjør.

- Annonse -

Auka sosialhjelp

I budsjettarbeidet for 2018-budsjettet har administrasjonen kalkulert med at Stord kommune får 36 millionar kroner i auka inntekter. Dette vil likevel ikkje demme opp for dei auka utgiftene, då ein altså endar opp med ein underbalansen på rundt 40 millionar  kroner.

Utanom utgiftene til private barnehagar så vil det kome ei stor utgiftsauke når det gjeld skuleelevar med særlege behov. Kommunen spår også ei utgiftsauke på fire millionar til kvalifiseringsprogrammet for innvandrarar, og ei auke på tre millionar kroner i økonomisk sosialhjelp.

Tidleg i prosessen

Rådmann Magnus Mjør ønskjer så langt ikkje å kome med noko forslag til sparetiltak for å unngå eit stort underskot til neste år.

– Nei, me er ikkje kome så langt. Dette er ein augneblinksbilete på kor me står i dag, og blei presentert i inngangen til budsjettarbeidet som startar no. Me er ikkje på nokon måte begynt å jobbe med salderinga.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -