Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Mannen i 50-åra, som tidlegare hadde arbeidd som politi, vedtok dommen han vart ilagt i Sunnhordland Tingrett for brot på vegtrafikklova.

Av: Per Lønning

Det var i ein kommune i Sunnhordland i oktober i fjor at politimannen køyrde bil i alkoholrusa tilstand.

På morgonen den dagen køyrde han først rusa til jobb på lensmannskontoret, for så å møte til teneste og køyre tenestebil i påverka tilstand om lag ein time seinare. På det høgste skal promillen hans ha lege på 1,07.

Ifølgje NTB var det nokre kollegaer av mannen som reagerte på at dei kjente ein eim av alkohol då han kom på jobb den 9. oktober i fjor. Det vart varsla om dette internt. Spesialeininga for politisaker tok seg så av etterforskinga av saka.

Mannen blei først suspendert, men har sjølv sagt opp jobben sin i ettertid, i følgje BA.

- Annonse -

Rettsmøtet gjekk føre seg i slutten av april. Mannen tilstod i retten, og tilståinga vart styrkt av andre opplysningar i saka, der vitneforklaringar og blodprøveanalyse vart rekna med.

– På denne bakgrunnen har retten funne det bevist at den sikta har
gjort seg skuldig i det som er skildra i siktinga, og at han har handla aktlaust, står det skrive i dommen.

Retten følgde spesialeininga for politisaker si føreslegne straff. Om mannen ikkje held seg til vilkåra om prøvetid på to år, må mannen sone fengsel i 24 dagar. Retten gav han også ei bot på 55.000 kroner, rekna ut frå hans månadlege inntekt. Og han misser føreretten i 20 månader. Mannen må ta full ny førarprøve om han skal få føreretten attende.

– Det er lagt vekt på at køyringa skjedde utan uhell, og over kort strekning, står det i dommen.

Retten har også lagt vekt på mannen si tilståing.

- Annonse -