Dødsfallet skjedde i mannens bustad i Leirvik. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein død mann vart funnen på adressa natt til torsdag. Politiet trur ikkje det dreier seg om ei straffbar handling.

Politiet har sperra av eit område utanfor eit leilegheitsbygg i Leirvik.

I følgje Sunnhordland, som først omtalte saka, er årsaka at det vart funnen ein død person på adressa natt til torsdag.

– Me fekk melding om at det var funnen ein død person på adressa klokka 01 i natt, sa Stord-lensmann Roald Raunholm til Sunnhordland, som stadfester at hendinga blir etterforska som eit mistenkeleg dødsfall.

Personen som er død skal vere ein mann i slutten 30-åra.

– Ikkje teikn på straffbar handling

Men politiadvokat i Anne Mette Dale i Sør-Vest politidistrikt avviser overfor Stord24 at dei har mistanke om at mannen døydde som følgje av vald.

- Annonse -

– Eg vil ikkje seie det er eit mistenkeleg dødsfall. Dette handlar om at me har rutinar på uventa dødsfall når personar dør aleine. Då ber me om ein obduksjon for å prøve å kartleggje dødsårsaka, seier Dale.

Ho seier at det så langt ikkje er noko teikn på at mannen blei utsett for ein straffbar handling.

– Me har ikkje noko mistanke om at dette var ei straffbar handling. Det er ikkje nokre synlege teikn på vald. No etterforskar me for å utelukke heilt at det har vore ei straffbar handling.

Forbipasserande melde frå

Politiadvokaten fortel at dei fekk melding om dødsfallet frå ein forbipasserande i 01-tida natt til torsdag. Då sto døra til leilegheiten til den avdøde open.

– No vil me avvente obduksjonsrapporten og vitneforklaringar, sånn at me får vite dødsårsaka.

– Veit de kva tid dødsfallet skjedde?

– Det er ikkje snakk om så lang tid, men kanskje eit døger. Men det veit me førebels ikkje sikkert, seier Dale.

Politiadvokaten seier til NRK at den døde personen vil bli frakta til Stavanger for obduksjon.

- Annonse -