Hendinga skjedde då skuleeleven var på veg heim frå Sagvåg skule torsdag. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet gjer det dei kan for å kome i kontakt med ein mann som skal ha stansa ein skuleelev og teke bilete av han.

Torsdag kveld sendte rektor ved Sagvåg skule, Lars Bakka, ein tekstmelding til foreldra til alle skuleungar om ein ubehageleg episode.

Ein mann i ein bil skal ha stansa og teke bilete av ein skuleelev då han var på veg heim frå skulen i dag. Rektoren understreker at det ikkje var ei veldig dramatisk hending, og at han går ut ut med informasjonen for å hindre ryktespreiing.

Rektor Lars Bakka sendte denne meldinga til alle foreldre ved Sagvåg skule torsdag kveld.

Politiet stadfestar overfor Stord24 at dei ser alvorleg på hendinga.

– Det er ein elev som blei kontakta av ein person som har teke bilete av han. Han har då sprunge heim og gitt beskjed til mor si, som så har kontakta politiet, fortel operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sørvest politidistrikt.

Så langt har ikkje politiet klart å kome i kontakt med personen eller funne ut meir om kva som har skjedd.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har vore heime hos guten og snakka med han. Då me blei kontakta var det gått fleire timar. Vedkomande var difor ikkje på staden då me kom der. Så for oss å finne han må dette skje utifrå etterretning seinare.

- Annonse -

Politiet ønskjer så langt ikkje gå ut med signalement av mannen eller bilen han køyrde.

– Det er jo ei ubehageleg hending for guten som har opplevd det, så me vil jo prøve å finne ut kven dette er, og eventuelt kome i kontakt med han. Det kan jo også vere at guten har oppfatta dette annleis enn det eigentleg var. Det må difor gjerast litt undersøkingar.

– Korleis bør foreldre til ungar ved Sagvåg skule forhalde seg til dette?

– Det er jo gått ut info frå skulen om at foreldre må vere litt merksame. Dette kan jo vere noko, men me vil ikkje skape noko redsel eller hysteri i nærleiken av skulemiljøet.

– Me tek dette alvorleg og vil gjere det me kan for å finne ut kven dette var, seier Bjørnsen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -