Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Framstår som ein tragedie for familien, melder politiet.

Ein mann i 30-åra blei funnen død i ein leilegheit på Stord natt til torsdag 19. september.

Politiet starta umiddelbart etterforsking av dødsfallet, og den avlidne blei sendt til obduksjon i Stavanger.

No har politiet endeleg konkludert med at det ikkje skjedde noko straffbart i samband med dødsfallet.

– Politiet har fått svar på den midlertidige obduksjonsrapporten. Rapporten tilseier ikkje at det har skjedd noko straffbart, opplyser Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet skriv vidare at hendinga framstår som ein tragedie for familien, og politiet ønskjer ikkje å gå nærare inn på dødsårsaka.

- Annonse -

– Politiet offentleggjer dette i samråd med dei pårørande. Familien ber om å få fred, skriv politiet.

- Annonse -