I morgontimane fredag vart det gjort forsøk på å bryte seg inn i Litlabø og Sagvåg Samfunnshus med vinkelslipar. Foto: Litlabø og Sagvåg Samfunnshus
- Annonse -

Fredag morgon rykte ein vektar ut til ein innbrotsalarm ved Litlabø og Sagvåg Samfunnshus, og såg fleire personar springe frå staden.

Det var rundt klokka 05.30 fredag morgon at politiet vart varsla om innbrotsforsøket. Det var Sunnhordland som først meldte om saka.

Ifølgje operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skårland, hadde ein vektar rykt ut då innbrotsalarmen ved bygget vart utløyst, og gjerningspersonane fekk ikkje fullført innbrotsforsøket.

– Då vektaren kom til staden var det folk som sprang derfrå. Politiet rykte ut med ein hundepatrulje som var på staden kort tid etterpå, og det har blitt gjort søk utan at vi har kome fram til gjerningspersonane, opplysar Skårland til Stord24.

– Dei som forsøkte å kome seg inn har ikkje lukkast med det, seier han, og legg til at gjerningspersonane har prøvd seg med vinkelslipar.

Kvar på bygget denne reiskapen har blitt nytta, har operasjonsleiaren ikkje informasjon om.

- Annonse -

– Vi har no avslutta søket og politiet har sikra dei spora som er, og jobbar vidare med desse. Det vert oppretta sak og så vert innbrotet etterforska vidare av lensmannskontoret på Stord.

Førbels er vektaren som rykte ut det einaste vitnet i saka.

– Vi må jobbe med den informasjonen vi har, så får vi sjå om vi kjem fram til nokre aktuelle kandidatar, seier operasjonsleiaren.