Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Blant anna ein mann som nekta å gå frå ein fest på Stord. Han måtte dermed halde fram festen i arresten.

Like etter klokka 3 på natta møtte politiet på to 23 år gamle menn som ikkje var i sitt beste humør. Dei krangla og sprang etter kvarandre.

Politiet meinte at dette ikkje var ein oppførsel som passa seg i sentrumsgatene, og sendte dei vekk.

- Annonse -

Den andre hendinga skjedde klokka 5.15 på morgonen, då politiet frakta ein 30 år gammal mann til arresten i Haugesund. Bakgrunnen var at politiet fekk melding om ei ordensforstyrring på ein fest på Stord.

– Ein kar hadde fest og då festen var slutt, var det ein kar på 30 år som ikkje ville avslutte festen. Han nekta å gå og det oppsto tumultar. Mannen måtte leggast i bakken og bli holdt fast fram til politiet kom, seier vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon til Haugesund Avis.

- Annonse -
- Annonse -

Då politiet kom til staden oppførte 30-åringen seg fint, men blei frakta til arresten fordi han vart svært full. Politiet opplyser at det vert vurdert ei politimelding i ettertid.

- Annonse -