Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politiet måtte bortvise tre menn frå sentrum i løpet av natt til søndag.

Det var like før klokka 3.30 natt til søndag at politiet blei kontakta av personalet på Esso/Deli De Luca i Leirvik sentrum.

– Dei hadde sleppt inn ein mann i 20-åra for å gå på toalettet. Men då han var ferdig ville han ikkje gå ut igjen og nekta å forlate bensinstasjonen, fortel vaktsjef Mads Hinderaker ved Haugesund polititasjon.

Sjølv ikkje då politiet kom på staden ville han forlate bensinstasjonen.

– Han fekk pålegg frå politiet om å gå ut, men ville ikkje høyre. Han måtte då bli fysisk fjerna frå bensintasjonen, og vil bli politimeldt for å ikkje etterkome politiet sine pålegg.

Stord-politiet rykka også ut til ein utestad i sentrum 3-tida, etter melding om to personar som hadde slåss utanfor. Men då dei kom til staden hadde situasjonen roa seg.

- Annonse -

– Politiet lukkast ikkje å finne noko vitne, så det blei ikkje noko sak. Dei to involverte, ein mann i slutten av tenåra og ein i 30-åra blei bortvist frå staden, seier Hinderaker.

- Annonse -