Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein bil vart observert i Sagvåg sentrum med fleire passasjerar liggande i baggasjerommet.

– Me fekk melding frå nokon som hadde observert ein bil med nokre personar i baggasjerommet ved Kiwi i Sagvåg, fortel operasjonsleiar Jostein Reiestad ved Sørvest politidistrikt.

Dette skal ha skjedd medan bilen var i fart.

– Dei syntes naturleg nok dette såg veldig rart ut og kontakta politiet.

Meldinga til politiet kom i 20.15-tida laurdag kveld, og politiet rykka umiddelbart ut for å jakte på bilen.

Patruljen søkte etter bilen utan resultat.

- Annonse -
- Annonse -