Ein barnefamilie frå Afghanistan blei i fjor arrestert i kyrkjelydshuset Betania i Fotkar. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet hevda at den afghanske familien som ble henta ut hos kyrkjelyden på Fitjar hadde  budd der sidan april i fjor, men no viser det seg at dei berre har budd der i fem månadar.

Eit av argumenta politiet har brukt for å rettferdiggjere at dei førre fredag gjekk inn i frikyrkja på Fitjar, er at familien har budd der i elleve månader og at det difor er å rekne som eit bustadhus, og ikkje ei kyrkjelyd.

Men no viser seg at desse opplysningane ikkje stemmer. I følgje Bergens Tidende budde familien på Heiane mottak på Stord frå 29. mai til 28. november i fjor. Dermed er den reelle opphaldstida i huset på Fitjar fem månadar.

– Ingen tvil

Det er mottaksleiar Glenn Kringlebotten på Heiane mottak som stadfestar dette overfor avisa.

– Ungane gjekk  i barnehagen her, og me  hadde dagleg kontakt med familien. Dette er det ingen tvil om, seier han.

Kommunikasjonsrådgjevar Danel Drageset i Politiets utlendingsenhet (PU) gir følgjande kommentar til BT torsdag:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg har undersøkt dette og ser at familien budde på Stord asylmottak i perioden 29.05.2017–28.11.2017. Politiet har ikkje kunnskap om kor vidt dei faktisk har budd på dette mottaket i heile den perioden dei har vore registrert. Familien har dermed ikkje budd kontinuerleg i den aktuelle bygningen sidan månadsskiftet mars/april i fjor. Me er at tidlegare utsegn kan vere eigna til å gi eit anna inntrykk, og er glad for at me kan presisere dette.

Listhaug støttar politiet

I kveld uttalte justisminister Sylvi Listhaug (Frp) seg om saka for første gong. Ho avviser at aksjonen var eit brot på kyrkjeasyl-tradisjonen i Norge.

– På bakgrunn av den informasjonen eg har fått har eg full tillit til politiet si handtering av denne saka. Nokre hevder at den norske tradisjonen med å respektere kyrkjeasyl er broten. Eg er usamd i dette og har tillit til at politiet har følgt retningslinene, seier Listhaug til NTB.

- Annonse -