Denne politiet har blitt stolen frå Leirvik hamn. Foto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein Askeladden-båt er blitt stolen i løpet av dei siste vekene i Leirvik hamn. Kort tid etter at politiet i helga spurte om tips i saka, blei saka oppklart.

Det var søndag kveld at politiet skreiv på Twiter at ein båt av typen Askeladden 525 XL er blitt stolen i Leirvik hamn i løpet av dei siste tre vekene. Båten er utstyrt med ein påhengsmotor med 90 hestekrefter.

Det tok ikkje lang tid før etterlysinga hausta frukter. Politiet fekk kort tid etter tips om at båten låg fortøyd i Kopervik på Karmøy.

– Me fekk tips om at båten vart funnen i ei hamn i Kopervik. Det var nok det at me etterlyste båten som resulterte i at me fant den, seier operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet har ingen mistenkte i saka, og har gjort nokre undersøkingar om bord i båten.

Østebøvik fortel at det å be om tips frå publikum på Twitter kan ha ein god effekt i slike saker.

- Annonse -

– Ja, det viser seg at dette kan vere til stor hjelp, slik me ser i denne saka.

- Annonse -