Foto: Politiet
- Annonse -

Ønskjer å kome kontakt med føraren av ein grå Mercedes-Benz på Stord etter kollisjon ved Vabakken.

Autovernet er bøygd og stolpar står brekt langs E39 like ved Vabakken søndag føremiddag. Bakgrunnen er at ein bilførar har kollidert med autovernet, melder politiet.

– Me ønskjer å kome i kontakt med føraren av ein grå Mercedes Benz på Stord, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Samtidig melder politiet at dei er interessert i å kome i kontakt med vitne til hendinga.

– Me veit ikkje noko anna enn at det ligg bildelar igjen i vegbanen. Utifrå serienummeret på restane av ei lykt veit me at dette er snakk om ein grå Mercedes, ein plass mellom 1993- og 2000-modell, opplyser operasjonsleiar Håkon Tornes i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet opplyser at hendinga sannsynlegvis skjedde søndag føremiddag, og dei vurderer at bilen må ha nokså store skader etter samanstøytet.

- Annonse -
- Annonse -

– Bilen må ha store skader på høgre side. Så dersom nokon har observert denne bilen, eller om føraren av bilen kjenner på seg at han bør ringe politiet, så set me pris på det.

- Annonse -

– Det er jo ikkje heilt gratis for Vegvesenet å setje opp eit autovern, seier Tornes.

- Annonse -