Thea Mansee har hatt status som drapsmistenkt for det eine av dei to dødsfalla som skjedde i badstova på garden der ho bur i Sveio. Foto: Jonas Sætre/Stord24/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lenge på overtid er politiet endeleg ferdig med etterforskinga av eitt av dei to dødsfalla som skjedde i ei badstove i Sveio, der Thea Mansee har hatt status som drapsmistenkt.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka sto det skrive at politiet har funne DNA-sporet til avdøde under neglane til den mistenkte kvinna. Dette er feil. Det riktige er at det er funne DNA-spor under neglane til avdøde, som matchar med kvinna sitt DNA.

Etteforskinga av dødsfallet, som skjedde på ein gard i Sveio sommaren 2017, er kraftig forsinka. Politiet i vår at dei skulle vere ferdig med etterforskinga av saka før sommaren, men først no er arbeidet sluttført.

No er saka overført til politiadvokaten i Haugesund, som skal bruke dei neste vekene på å skrive ei innstilling som dei skal sende frå seg til Statsadvokaten i Rogaland.

Det blir så opp til statsadvokaten om det er grunnlag for å ta ut tiltale mot Mansee, eller om saka skal bli henlagt.

Må vente fleire veker

Dermed kan det framleis ta mange veker før 53 år gamle Thea Mansee får svar på om ho vil bli tiltalt eller frifunnen for dødsfallet.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har gjort ei omfattande etterforsking, og det har blitt gjort etterforsking i utlandet. Det er ein av grunnane til at dette har teke tid, opplyser politiadvokat Marte Engesli Lysaker.

Etterforskinga i utlandet dreiar seg i hovudsak av eit vitneavhøyr til ein mann som var til stades på garden då dødsfallet skjedde.

– Me har fått gjort eit vitneavhøyr i Tyskland. Det må gå vegen via ein rettsoppmodning, og det har gjort at saka er blitt forsinka.

Ser på begge dødsfalla

Politiadvokaten opplyser at, sjølv om det første av dei to dødsfalla offisielt er lagt bort, har dei likevel .

- Annonse -

– Sjølv om dødsfallet er lagt bort, har me likevel sett til den saka. Men det er den nye saka me har konsentrert oss mest om.

Eit av spora politiet har i saka er at det er funne DNA-spor til avdøde sine negler som matchar med den mistenkte kvinna sitt DNA.

– Kor sentralt er dette DNA-sporet i etterforskinga?

– Det kan eg ikkje svare på, seier Lysaker.

Politiet ønskjer heller ikkje å svare på Stord24 sine andre spørsmål knytt til innhaldet i etterforskinga.

Stor påkjenning

Thea Mansee sin forsvarar, Patrick Lundevall-Unger, uttalte til Haugesund Avis i slutten av juli at det har vore ei stor påkjenning for ho at saka har teke så lang tid.

– Eg veit ikkje kor lenge ho klarar å halde ut. Den ufatteleg lange sakshandsamingstida kvernar menneske.

Forsvararen har tidlegare uttalt til Stord24 at han har fått opplyst frå politiet at dei trur saka vil bli lagt bort. 

- Annonse -