Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

Politiets Utlendingseining meiner forsamlingshuset på Fitjar, der den afghanske familien blei pågripen i dag, ikkje er å rekne som godkjend lokasjon for kyrkjeasyl.

– Politiet føretek som hovudregel ikkje arrestasjonar i kyrkjebygg eller bedehus tilhøyrande kyrkjelyden. Bustaden som personane har budd i er ikkje eit kyrkjebygg. Det vert eigd av Frimenigheten Nytt Liv. Etter politiet sine opplysningar har det tidlegare vore brukt til forsamlingshus for Nytt Liv.

Det seier leiar for identitetsfastsetjing i Politiets Utlendingseining, Håvard Bekk.

Kommunen ikkje samd

Men Fitjar kommune er ikkje samd med politiet si vurdering av at dette er eit bustadhus.

Fitjar kommune opplyser til Stord24 at eigedommen er regulert til offentleg/privat tenesteyting og ikkje bustadar. I matrikkelen er både eigedommen og bygningen kvar for seg registrert som bedehus/forsamlingshus.

Ordførar Wenche Tislevoll seier at bygninga er å rekne som eit forsamlingshus.

- Annonse -

– Dette har vore ein kyrkjelyd så lenge eg kan hugse, og har vore brukt til møteverksemd. Så eg meiner jo at dette er å rekne for ei kyrkje når det gjeld kyrkjeasylomgrepet. Me har hatt respekt for at dette har vore kyrkjeasyl. Eg stiller meg veldig undrande til korleis til at politiet kan gjere dette, seier Tislevoll.

Tislevoll sendte tidlegare i vinter eit brev til Utlendingsnemda, der ho oppmoda på det kraftigaste om å gi familien opphald. Her kan du lese brevet frå Fitjar-ordføraren.

Står fast på at det er bustad

Men Bekk i PU hevdar det ikkje er relevant kva bygninga er regulert til av kommunen.

– Det er funksjonen til bygninga som har vore avgjerande for politiet si vurdering i forkant av pågripinga. Desse opplysningane er stadfesta av ulike kjelder, herunder politioperative metoder. Sidan april 2017 har husets funksjon vore bustadar for personane som i dag vart pågripne.

Dei gjeldande reglane for kyrkjeasyl finn ein i retningslinjer formulert avjustisdepartementet i 1999. Der heiter det at «av respekt for kirken er det som hovedregel ikkje aktuelt for politiet å gå inn i kirker og bedehus for med makt å hente utlendinger som skal sendes tilbake til hjemlandet».

– Me gjer konkrete vurderingar i kvar enkelt slik sak opp mot desse retningslinjene. Vår vurdering er at dette huset ikkje vert omfatta av retningslinjene, seier Bekk.

I følgje avisa Dagen blei justisminister Sylvi Listhaug varsla om aksjonen på Fitjar i dag tidleg. Det betyr at Listhaug kunne ha valt å gripe inn i saka for å stanse aksjonen.

Den afghanske familien takka for hjelpa frå trussamfunnet Nytt Liv då dei fekk midlertidig opphald i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Stolt over aksjonen

Politioverbetjent Pål Gjil i Sør-Vest politidistrikt var han som leia aksjonen i morgontimane. Han er svært nøgd med gjennomføringa av aksjonen.

– Eg vil skildre aksjonen som svært bra politiarbeid. Det var ingen skadar og me fekk med oss heile familien og alt av baggasje. Det verkar kanskje dramatisk når me kjem så mange, men det er måten politiet handterer slike situasjonar. Me gjer dette så skånsomt som overhodet mogleg, og eg er veldig imponert over mine kollegaer i dag, seier Gjil.

– Kvifor måtte de knuse eit glas for å kome inn?

– Me ville ikkje ha kome inn ved å banke på. Me har ein tidlegare relasjon med denne familien. Me veit at dei ikkje hadde kome til å opne døra.

Ingen garanti

Fleire har reagert på at familien vart uttransportert sjølv om dommen frå Oslo tingrett ikkje er rettskraftig, då den er anka. Politiet meiner dette ikkje er ein garanti mot uttransportering.

– PU forheld seg til endelege negative vedtak frå UDI og Utlendingsnemnda og vil gjennomføre ein uttransport dersom me har eit endeleg vedtak. At ei sak er brakt for retten er likevel ingen garanti for at ein uttransport ikkje kan finne stad, seier Bekk i PU.

Den siste utvegen for familien no er å be om ei såkalla midlertidig forføying.

– Personane kan derimot be om midlertidig forføyning overfor Oslo byfogdembete, og dersom dette vert innvilga kan ikkje ein uttransport gjennomførast før domstolen har handsama saka.

Uttransportering så snart som mogleg

– Kva vil no skje med familien?

– Me kan ikkje kommentere planlagte eller pågåande uttransportar, me kan stadfeste ein uttransport etter at den er gjennomført. På generelt grunnlag kan me likevel seie at me ønskjer å gjennomføre uttansporteringar kort tid etter tidspunktet for pågripinga.

– I dei tilfella barnefamiliar blir internert ved det midlertidige familiesenteret i Hurdal kommune, ønskjer me at oppholda der er kortast mogleg, seier Bekk.

Bekk stadfestar at familien framleis vil få ankesaka behandla i lagmannsretten.

Biskopen opprørt

Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, at han er svært opprørt over dagens aksjon.

– Det er mykje eg reagerer på. For det første er det svært kritikkverdig at politiet ikkje respekterer kyrkjeasylet. Det er eit brot på den praksisen som har vore, og på retningslinjene frå Justisdepartementet, seier Nordhaug til NTB.

– Det er ingen tvil om at familien var i kyrkjeasyl, slår han fast og peiker på at forsamlingshuset til Nytt Liv er tydeleg merka.

- Annonse -