Politiet var framleis til stades på Litlabø då Stord24 vitja staden nærare 23.30. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det var torsdag kveld iverksett ein større leiteaksjon etter ein 19 år gammal asylsøkjar som var sakna frå mottaket på Litlabø. Kl 1 i natt kom han til rette.

Klokka 21.40 torsdag kveld melde politiet om leiteaksjonen. Frivillig leitemannskap og politihund, totalt over 60 personar, leita utover kvelden.

Klokka 1 natt til fredag meldte politiet at dei hadde funne 19-åringen.

– Guten er kome til rette. Leitemannskap fann han i området Storedalen, eit par km nord for Litlabø, ca kl 0050. Han er kald og blir teken hand om av ambulansepersonell på staden, skriv politiet på Twitter.

Då Stord24 tok kontakt med politiet i 23-tida, var det store leitemannskap i sving.

– Me leiter framleis. Det er rundt 60 frivillige som leitar, i tillegg til nokre patruljar frå politiet. Me har folk frå Røde Kors frå Stord, Bømlo, Karmøy og Haugesund. I tillegg deltek frivillige frå Norsk Folkehjelp og frivillige med redningshunder, sa operasjonsleiar John Ask i Sørvest politidistrikt.

- Annonse -

Politiet fekk første meldinga om forsvinninga i 20-tida. Etter at personell ved mottaket har leita sjølv, blei politiet oppringt.

Leitemannskap leita rundt og i garasjar i bustadfelt på Litlabø om natta. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Kva er årsaka til at det vert iverksett leiteaksjon såpass tidleg?

– Det er ikkje mistanke om noko kriminelt, men det går meir på helsesporet. Men det er viktig å understreke at det ikkje er fare for naboar og andre her. Då hadde me vore meir forsiktige med å ta inn frivillig leitemannskap, sa Ask.

– Kva område vert det søkt i?

– Det er i omegn til mottaket. Me sjekkar ut stadar der ein kan fartast. Det vert køyrt litt rundt i område og undersøkt litt i teigar og anna.

Leiteaksjonen vert koordinert frå Solid-huset på Nysæter.

- Annonse -