Refleksbruken på Hystad skule er for dårleg, meiner politiet. Foto: NAF
- Annonse -

Politiet avdekka svært manglande refleksbruk blant borna ved Hystad skule i samband med ein kontroll ved skulen i dag tidleg.

Politiet i Sør-Vest skreiv på Twitter like før klokka ni at det har vore gjennomført skulekontroll ved Hystad barneskule. Fokuset på denne kontrollen var sikring av born, og det vart ingen reaksjoner ut av dei 25 kontrollerte. Derimot registrerte politiet svært manglande refleksbruk blant borna, noko dei varsla rektor på skulen om.

– Det blei registrert svært manglande refleksbruk blant borna, og rektor ved skulen har blitt informert om dette, opplyser Sørvest politidistrikt.

Rektor, Liv Skjønberg, fortel at dei tok kontakt og at ho alt har informert foreldre og lærare.

– Politiet informerte meg om at monge av borna ikkje hadde synlege refleksar og at dess eldre dei var, dess verre var det. Dei yngste borna var dei flinkaste, seier Skjønberg og legg til at politiet også hadde registrert manglande lys på fleire syklar.

Rektoren sendte nyleg ut ein fellesmelding til alle foreldra ved skulen.

- Annonse -

– Eg har sendt ut ein såkalla transpondermelding, som er ein kjapp måte å nå alle foreldre og lærere på, via SMS. Her har eg informert om den manglande refleks- og sykkellysbruken.

– Godt dei har slike kontroller

Skjønberg seier at ho ikkje kan pålegga foreldre om å kle borna i refleks, men at ho oppmodar dei til å sørgje for at borna går til skulen godt synleg. Ho legg til at skulen også skal snakka med elevane om dette, og at ho er glad for slike kontroller:

– Eg synest det er godt at politiet tek seg tid til å sjekke slike ting, då eg trur det verkar preventivt, avsluttar ho.

- Annonse -