Lensmann i Stord politidistrikt Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Tysdag denne veka var politiet i kontakt med fleire huseigarar på Bremnes, der ein utanlandsk mann ringde på for å selge treleiker. Ni personar vart seinare bortvist av politiet.

Politiet er kjent med at mannen blei slept av av ein utanlandskregistrert bil og mistenker at han ved eitt tilfelle også gjekk inn i eit hus, som stod ope, men stal ingenting.

Den same kvelden observerte politiet at ein blå varebil plukka opp seljarar av treleiker ein rekke stadar på Bømlo.

Ved Bømlabrua blei bilen stoppa av politiet, men politiet fann ingenting som var stole. Likevel meiner politiet det er  grunn til å vere føre var, og går no ut med ei pressemelding der dei åtvarar folk i distriktet.

– Samltlege av dei ni personane som var i varebilen då den blei stoppa blei bortvist frå Bømlo og Stord i to døger. Det er fleire grunnar til at vi mistenker at aktiviteten til desse personane kan vere eit forarbeide til mobil vinningskriminalitet, seier lensmann Roald Raunholm.

– Det er ikkje usannsynleg at dei har prøvd å gjere seg kjend i diverse område på Bømlo for å førebu innbrot ved ei seinare anledning. Vi ber publikum følge med. Meld frå til politiet om de opplever mistenkeleg aktivitet, oppmodar lensmannen.

- Annonse -

Med tanke på sommarferien som nærmar seg, oppmodar Raunholm folk om å gjere nokre ekstra grep for å unngå at ein blir utsett for innbrot når ein er vekkreist.

– Sørg for at alle dører, både til hus og garasje, er låst. Lukk vindauge og unngå at verdisaker blir liggande usikra. Det kan også vere lurt å alliere seg med naboar eller andre kjende, slik at dei kan følge med medan bustaden står tom, anbefalar han.

- Annonse -