Foto: tipsar
- Annonse -

Naudetatane rykka søndag kveld ut til ein restaurant i Sagvåg etter observasjon av eit tohandsvåpen.

Politiet i Sør-Vest meldte klokka 20.11 søndag kveld at politiet har gjennomført ein væpna arrestasjon av to menn inne på ein restaurant i Sagvåg.

Dette skal ha skjedd utan dramatikk. Bakgrunnen for pågripinga er ein observasjon av eit tohandsvåpen.

– Ingen andre kundar var på staden, to tilsette var evakuert i forkant. Det var ingen trugselsituasjon i forkant, skriv politiet på Twitter.

Uklart kva som var bakgrunnen

I halv ni-tida vert det kjent at dei to pågripne er ein far og hans vaksne son som er av aust-europeisk opphav.

– Det er uklart om kva som er årsaka til at dei hadde med seg våpenet som viser seg å vere ein replika i plast av eit heilautomatisk militærvåpen, twitrar politiet.

- Annonse -
- Annonse -

Operasjonsleiar Steinar Knudsen opplyser til Stord24 at det var dei tilsette ved serveringsstaden som melde frå om våpenet.

- Annonse -

– Dei tilsette observerte at ein av kundane hadde eit våpen. Dei følte det var ubehageleg, og valte å varsel politiet. Me hadde dialog med dei heile vegen.

– Kva veit de om grunnen til at dei hadde med seg denne våpenreplikaen?

– Det er litt usikkert enno, om det berre er tull og tøys eller kva det er. Me er framleis på staden og gjer avhøyr.

Ein arrestert

Politiet fortel at den eldste mannen, som er i slutten av 30-åra, er frakta til arresten i Haugesund.

– Det var han som hadde våpenet, og han var rusa i tillegg. No gjenstår det å finne ut kva som eigentleg har skjedd, seier operasjonsleiaren.