Prosjektleiarane i verksemdene som har vore med på storprosjektet signerte utskipingsprotokollen. Stemninga var det ingenting å seie på. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag vart dei to Sverdrup-plattformane formelt overlevert.

– Alle senger er redd opp. Me er ekstra stolt at det kanskje aldri tidlegare har vore segla ut ein plattform som er så ferdig som denne. Me kallar denne ferdig-ferdig. Det betyr at plattforma kan starte raskt opp produksjonen, Jan Egil Brændeland i KBR.

Eit ufyseleg vêr la ingen dempar på stemninga på Kjøtteinen fredag, då markeringa for utseglinga av dei to Johan Sverdrup-plattformane fann stad.

Har sysselsett 3000 personar

Kontraktakten for arbeidet med Norges største bustadplattform, som har vore bygd på Stord, blei signert sommaren 2015 på akkurat same stad som dagens utseglingsseremoni vart halden.

– I desse snaut fire åra har arbeidet med denne eine plattforma totalt gitt ein sysselsetjingseffekt på rundt 3000 personar, langs heile Norges kyst, sa konsernsjef i Kværner, Karl-Petter Løken.

Stord-artist Endre Olsen sto for dei musikalske innslaga i forkant av seremonien, med Sverdrup-giganten som bakteppe. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Han trakk fram at det i løpet av desse åra ikkje har vore nokon alvorlege skader verken på menneske eller miljø.

- Annonse -
- Annonse -

– Tusen takk for framifrå utført arbeid. Men dette er ikkje farvel, for me gler oss til at me no skal bistå å setje plattforma i drift ute på feltet. Me seier difor på gjensyn og ønskjer lukke til med transporten ut på feltet, sa Løken.

– Gjer meg stolt av å vere stordabu

Ordførar Gaute Epland (Ap) sa at Sverdrup-prosjektet har gjort han ekstra stolt.

– Ekstra kjekt i dette prosjektet er at det har vore eit samarbied mellom dei to store industrigigantane på Stord. Det gjer meg stolt av industrien vår og kompetansen vår, og det gjer meg stolt av det å vere stordabu.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) haldt tale. Her saman med kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, Stord-ordførar Gaute Epland og visepresident på Stortinget, Magne Rommetveit. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Vemodig

Klubbleiar i Kværner, Amram Hadida, synest det også blir litt vemodig at Sverdrup-plattforma no vil forlate verftet.

- Annonse -
Dei frammøtte blei små med Norges største bustadplattform som bakteppe. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Det er vemodig for oss. Me fekk Sverdrup-kontrakten i ei tid då me hadde tapt ein del kontraktar på rad. Me måtte gå inn for nulloppgjer to år på råd, og så vann me dette her. Eg kan ikkje førestille meg korleis det hadde sett ut her dersom me ikkje hadde fått denne jobben.

– Korleis blir arbeidsdagen no når Sverdrup forsvinn?

– Nei, det blir bra med arbeid i åra framover. Men me treng sjølvsagt påfyll etter 2021, og me jobbar hardt med dette. Det er så viktig å ha desse jobbane, ikkje berre lokalt men regionalt.

Hadida hadde besøk av ein delegasjon av partiet Raudt under seremonien, mellom anna nestleiaren i partiet, Marie Sneve Martinussen, som for tida er på Stord for å få innblikk i den lokale industrien.

Ein andreårslærling fekk æra av å kaste loss på bustadplattforma. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Vil lastast om bord i neste veke

Etter planen skulle seremonien bli etterfølgt av utseglinga av prosessplattforma.

Men grunna dårleg vêr har ikkje tungløftefartøyet Pioneering Spirit kome fram til Stord. Det er Pioneering Spirit som har får oppgåva av å løfte plattformane frå verftet.

Equinor opplyser at tungløftefartøyet sannsynlegvis vil starte med å laste om bord prosessplattforma i neste veke. Deretter skal det ikkje ta mange dagar før uttransporteringa av bustadplattforma står for tur.

– Det blir tidenes veke med installasjonsarbeid, viss vêret tillet det, seier prosjektdirektør i Equinor Trond Bokn til Sysla.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -