Plattformen som vart bygd på Stord står og rustar i havet utanfor hovudstaden i Benin. Foto: Seme Oil Field Project
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jack-up-riggen «Amazone» var ein av redningane for eit kriseråka Stord Verft på starten av 1980-talet. No rustar ho i havet, og ingen tek ansvar for å rydde opp.

Det var like etter den store oljekrisa på 1970-talet, og krise i norsk verftsindustri. Det var også tilfelle på Stord. I tillegg vart det beslutta at Statfjord B-bygginga ikkje skulle til Stord Verft, noko som førte til massepermitteringar og nokre av dei verste kriseåra i verftet si historie.

For å motvirke krisa bestemte norske styresmakter seg for å leite opp oljeprosjekt i U-land, og tilby gunstige lånevilkår mot at landa kjøpte tenester frå norske verft. Dette førte til utbygginga av Sèmè-oljefeltet i Benin i Vest-Afrika.

Redning for arbeidarane på Stord

«Amazone» under bygging ved Stord Verft på starten av 1980-talet. Foto henta frå boka «75 år på Kjøtteinen».

Dette gav etter kvart arbeid til Stord. I 1981 fekk Stord Verft i oppdrag av Saga Petroleum å byggje den einaste «jack-up-riggen» som har vore bygd på Stord: «Amazone».

Ein kjærkomen kontrakt på nær 200 millionar kroner, som gav arbeid til alle dei 1600 tilsette ved verftet.

Men plattformavtala med Norge skulle ikkje vise seg å vere ein god avtale for Benin. Feltet hadde avgrensa inntening, og det meste av inntektene forsvann i renter og avdrag for norske lån. Etter 1998 har det ikkje blitt tappa olje frå feltet.

- Annonse -

Tikkande miljøbombe

- Annonse -
- Annonse -

Men ein fersk FN-rapport sender no mørke skyer over det norskutvikla oljefeltet i Benin. Feltet har ikkje vore i drift på 20 år, og plattformane står framleis og rustar i havet. Dette kjem fram i den nyaste utgåva av Bistandsaktuelt.

Presidenten i det fattige afrikanske landet meiner Norge har eit ansvar for å stanse det han omtalar som ein «tikkande miljøbombe». Det vert frykta omfattande lekkasjer frå oljeledningane frå dei ti oljebrønnane.

– Eit utslepp vil vere svært alvorleg for lokalsamfunn og deira livsgrunnlag langs heile Benins kystline. Plattformane bør fjernast på den eine eller andre måten. Jo før det skjer, jo billegare, seier Muralee Thummarukudy til Bistandsaktuelt, som har skrive den ferske FN-rapporten.

Norske styresmakter har derimot gjentekne gonger avvist landet sitt ønske om hjelp til å rydde opp.

Det er tydelege oljelekkasjar på riggane i Benin. Foto: Seme Oil Field Project

- Annonse -