Filmpremiere!

Se film om våre visjoner for Bømlo Fiskerihavn!

Posted by Bømlo Fiskerihavn on Saturday, August 18, 2018
- Annonse -

Bømlo Fiskerihamn har laga ein visjonsfilm for korleis dei ser for seg gigantutbygginga i Langevåg. Sjå den øvst i saka.

220.000 kvadratmeter med næringsareal og ein 450 meter lang molo. Dimensjonane er ikkje små for fiskerihamna som er planlagt utanfor Langevåg, heilt sør på Bømlo.

No har selskapet bak storprosjektet laga ein video som viser korleis hamna kan bli. Her ser dei føre seg stor næringsaktivitet i tilknyting til fiskerihamna, som fiskemottak, oppdrettsanlegg og slaktehall. Det er teikna inn ein stor administrasjonsbygning der det også er skal vere høve for overnatting.

Prosjektet ligg inne i nasjonal transportplan i perioden 2024-2029. Men dagleg leiar i Bømlo Fiskerihamn AS, Sverre Olav Svarstad, vonar at dei kan få foskuttert midlar frå departementet allereie i haust.

– No ventar me på ein søknad på forskuttering av midlar til moloen i samband med at dei i statsbudsjettet opna for forskuttering til fiskerihamnar. Får me grønt lys, vil me gå i gang med forhandlingar med staten. Får me ikkje ja på søknaden må me legge ein ny strategi.

Prisen for bygginga av den 450 meter lange moloen ligg på 197 millionar kroner. Får dei ja frå samferdselsdepartementet trur Svarstad dei kan gå i gang med prosjektet allereie til neste år.

- Annonse -

– Skulle me få forskutteringa vil me nok kome i gang i løpet av 2019. No føregår det ein arkeologisk utgraving i regi av UiB. Dei fann nokre gamle busetnader i området der me skulle hente ut massen til moloen.

Pengane som eventuelt blir løyva frå staten går i hovudsak til moloen og kaianlegget. Det vil då frigi over 200 mål med næringsareal, som kan utviklast etter kvart.

Den vidare utbygginga er det Bømlo Fiskerihamn AS som må finne høve til å utvikle på eiga hand, enten i samarbeid med Bømlo kommune eller andre aktørar.

– Me ser eigentleg for oss alt som går under ein eller annan kategori i forsyningsbransjen. Det er berre fantasien som set sine avgrensingar for kva som kan bli etablert her, seier Svarstad.

- Annonse -