Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø. Foto: Wikimedia Commons (CC-lisens)
- Annonse -

Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø avslørar kva som er den eigentlege årsaka til at han ikkje vil ta ein ny periode som ordførar.

Tidleg i sommar blei det kjent at den profilerte Høgre-ordføraren i Kvinnherad ikkje ønskjer å ta attval. Han oppgav då at grunnen er han ikkje lenger kjenner seg som ein samlande ordførar for Kvinnherad.

I eit intervju med NRK Hordaland onsdag fortel Slettebø no at det er ein personkonflikt med varaordførar Hans Inge Myrvold frå Senterpartiet som ligg til grunn for avgjerda.

– Det er varaordføraren min som er den viktigaste årsaka til at eg ikkje stiller til attval, seier han.

Slettebø meiner Myrvold har gått bak ryggen hans.

– Eg har opplevd at me har hatt et godt samarbeid, hatt fortrulege samtaler og blitt einige om korleis saker skal løysast, før eg har fått krass kritikk av den same varaordføraren utan at eg har vore budd på det, seier han til statskanalen.

- Annonse -

Ordføraren trekkjer fram to betente saker frå Kvinnherad-politikken den siste tida der han meiner samarbeidet med varaordføraren har vore vanskeleg: prosessen rundt avgangen av rådmannen, og den omstridte fusjonen mellom Fjellberg Kraftlag og Haugaland Kraft.

Myrvold har tidlegare stilt spørsmål ved habiliteten til Slettebø i samband med kraftsalet, då han sjølv ville ha tent 150.000 kroner på fusjonen.

Hans Inge Myrvold seier til NRK at han ikkje kjenner seg att i påstandane frå Slettebø om at han har gått bak ryggen til ordføraren.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i påstandane. I dei sakene vi har vore ueinige i, har eg vore tydeleg overfor ordføraren om kor stor avstanden har vore, seier han.

- Annonse -