Sigbjørn Framnes (Frp) og Hilde Hauglid (SV), Foto: Frp/SV
- Annonse -

DEBATT: Uavhengig av politiske sympatiar, meiner eg det er problematisk når Framnes gyv laus på Bente Bjelland

Av: Hilde Hildal Hauglid,
Gruppeleiar i Stord SV

Korleis det står til internt i Stord AP eller i koalisjonen er ikkje mi sak. Strengt teke, er vel ikkje dette heller Sigbjørn Framnes si sak, men han uttaler seg likevel frimodig, og med personåtak som ikkje kan stå uimotsagt. Dette er rett og slett ikkje greitt. I tillegg krev dømet Framnes kjem med nyansering.

Framnes frå FrP er ikkje nøgd med kommunestyrerepresentant Bente Bjelland si grunngjeving for å melda seg ut av AP. Bente Bjelland er ein svikar, hevdar Framnes i sitt forsvar for partiet og koalisjonen han ikkje er medlem av. For oss som står utanfor både koalisjon og storkoalisjon, framstår AP og FrP tettare enn nokon gong etter å ha lese det Framnes skriv.

At ein representant frå FrP inntek rolla som misforstått offer, er vel knappast nytt eller overraskande. Men dømet Framnes nyttar her, saka om Vidsteentunet og Sæbø Gard, vil eg gjerne kommentera. I januar 2019 var saka om å avvikla dagtilbodet for menneske med utviklingshemming ved Vidsteentunet oppe i dåverande Komité for rehabilitering, helse og omsorg (RHO). I dette møtet stilte Sigbjørn Framnes sjølv i staden for FrP sitt faste medlem. Han både argumenterte og røysta for avviklinga av dagtilbodet. SV, ein uavhengig representant (tidlegare medlem av AP), ein representant frå AP og ein frå KrF røysta mot. Desse var i mindretal, og dagtilbodet vart vedteke avvikla frå 1.4.19.

Dei same representantane frå SV, AP og den uavhengige kravde at saka skulle takast vidare til kommunestyret. Hadde det gått slik Framnes og resten av fleirtalet i RHO ynskte, hadde saka vore ferdig handsama i utvalet. Framnes har rett i at FrP røysta mot ei avvikling i det påfylgjande kommunestyret. Men å seinare flotta seg med dette i sitt åtak på Bjelland, lyder holt i mine øyre.

- Annonse -

Uavhengig av politiske sympatiar, meiner eg det er problematisk når Framnes gyv laus på Bente Bjelland, og påstår at ho ikkje skjønar politikk og trekkjer både argumentasjonen og motivasjonen hennar i tvil. Vidare skriv han at han forstår kva ho ynskjer, og at det han forstår at ho ynskjer, er feil. Bente Bjelland er fordomsfull og har eit «vrengjebilete» av FrP. Bente Bjelland har «i sinne gått av fotballbana fordi ho ikkje får ha ballen heile tida».

Altså: Framnes er den rasjonelle, vaksne mannen som skjønar korleis det eigentleg er. Bente Bjelland er den irrasjonelle, kjenslestyrte kvinna som ikkje har peiling. Dette er eit skuleeksempel på utidig hersketeknikk.

Om me ynskjer oss eit mangfaldig, levande lokaldemokrati der fleire engasjerer seg og stiller til val, kan me verkeleg ikkje halda på slik.