Foto: Pernilole Førland-Hatlevik/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Alle naudetatane rykte ut til Rommetveit fredag føremiddag, etter at ein bil kolliderte med ein lyktestolpe.

– Det er store materielle skadar på bilen, og føraren er frakta vekk i ambulanse. Eg har førebels ingen opplysningar om vedkomande, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skåreland.

Kvinna vart frakta vekk i ambulanse til legevakta.

Bilen sto på tvers i vegen etter kollisjonen, og redningsbil er i ferd med å frakte vekk bilen.

– No held redningsbilen på å frakte vekk bilen, og elles utfører politiet naudsynte sikringar på staden.

Så langt har ikkje politiet noko teori om årsaka til ulukka, og har ikkje bestemt om førarprovet til føraren skal bli tilbakekalt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har ikkje kome så langt, men det vil vere ein naturlegt del av vurderinga, seier Skåreland.

Foto: Pernilole Førland-Hatlevik/Stord24

- Annonse -