Torsdag ettermiddag har ein mann fått påvist covid-19 på Stord. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Ein av tre pasientar i Helse Fonna som er smitta av koronaviruset.

Helse Fonna melder fredag at det no er tre personar innlagt med Covid-19 i Helse Fonna. To av desse er på Haugesund sjukehus, der det i mange veker har vore innalgte med koronaviruset.

Nytt i dag er det at også Stord sjukehus har fått ein innlegging. Det er første gong på lenge at sjukehuset på Stord har fått ein Covid-19-pasient.

Pasienten på Stord sjukehus får ikkje intensivbehandling.

Talet på personar smitta av koronaviruset har ikkje auka på lenge korkje på Stord, Fitjar eller Bømlo.

Dei siste tala frå Stord kommune er at 317 personar er blitt testa for koronaviruset, og seks har fått påvist smitte.

- Annonse -