- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dr. Holms Hotell har bestilt jubileumsøl frå En Liten Øl på Kråko i samband med 110-årsjubileet sitt.

– Ein fullasta bil frå ELØ nådde Geilo denne veka med påskeølet, opplyser bryggerimeister Øystein Huus.

Jubileumspilsneren er ein klassisk tsjekkisk pilsner som skal leske tørste ganar blant påsketuristane på Geilo.

– Me set stor pris på at velrenommerte Dr. Holms Hotell har valt oss til å brygge jubileumsølet sitt, seier Huus.

Mikrobryggeriet på Fitjar sikrar seg dermed stadig fleire kontraktar med hotell og serveringsstadar rundt om.

– Dette er ei utviding av det gode samarbeidet me har med andre kvalitetsdestinasjonar som Solstrand Hotell, Bekkjarvik Gjestgiveri, Stord Hotell og Haaheim Gaard.

- Annonse -