Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Helse Fonna melder at totalt fire personar med koronasmitte er lagt inn på sjukehus.

Fram til no har det berre vore Haugesund sjukehus i distriktet som har hatt innlagte pasientar med koronasmitte.

No opplyser Helse Fonna at også sjukehusa på Stord og i Odda har fått sine første koronapasientar.

Totalt er det no fire pasientar med koronavirus som er lagt inn på sjukehus i Helse Fonna. Dei fordeler seg slik:

Haugesund: 2 personar
Stord: 1 person
Odda: 1 person

Helse Fonna opplyser at ingen av desse fire får intensivbehandling.

- Annonse -