Kevin René Gustavsson er den første Paradise Hotel-deltakaren frå Stord. Foto: Sara Slålie
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kevin René Gustavsson (21) frå Sagvåg ønskjer å nytte merksemda etter at han var med i Paradise Hotel til å vekse seg stor på Instagram.

 Av: Sara Slålie, elev ved Medium og Kommunikasjon ved Stord vidaregåande

– Mobilen min kjem til å brenne opp. seier Kevin og ler medan han visar alle varslingane som kjem opp på skjermen.

– Eg har vore så dum at eg gløymde å sletta nummeret mitt frå Gule sider.

No får Kevin om lag 30 inngåande anrop på mobilen kvar dag i tillegg til meldingar på andre plattformar som Snapchat, Instagram og Facebook.

Foto: Sara Slålie

– Tar du telefonen kvar gong den ringer?

- Annonse -

– Nei, om det er ukjend nummer brukar eg å la den ringe, og sjekkar heller kven som ringde etterpå på Gule sider. Men eg tar den jo nokre gonger, det gjer eg.

Over hundre nye følgjarar om dagen

Kevin fortel at det som møter han då er skrikande jenter, eller berre unge menneske som vil sjekke om det faktisk er han.

Når telefonen hans ikkje ringer, får han varslingar heile tida på andre plattformar. Instagram er kanskje mest populær der han veks med mange hundre følgjarar kvar dag. No ligg han på 32.100 følgjarar, og talet går berre oppover. Han er likevel ikkje like populær på Instagram som kompisane hans frå Paradise som ligg på rundt 50 til 70 tusen følgjarar.

I offentligheita får han mykje merksemd, lange blikk, og me vert avbroten tre gonger av ungdommar som vil ta bilete med han.

– Det var litt kleint i starten når folk ville ta bilete med meg, veldig mange var ganske sjenerte. Men eg er jo berre eit vanleg menneske som har vore på TV, eg er ikkje spesiell liksom, forklarar Kevin, som nett har blitt van med all merksemda.

– Det er ei vanesak, smiler han.

Verre i Oslo

Seinare fortel han at det er svært stor forskjell på Stord og andre byar som for eksempel Oslo og Bergen.

– Det tek lang tid å gå opp gatene i Oslo, spesielt når eg går saman med andre kjende ansikt.

Foto: Sara Slålie

– Kva med negativ merksemd?

– Joda, det er noko av det òg. Det går for det meste på tatoveringa eg har på halsen. Spesielt vaksne menneske er rysta over at eg vil gjere noko slikt på kroppen min. Men det er min kropp, og eg synest den er kul.

Kevin verkar ikkje prega av det negative han trekkjer til seg, og viser smilande fram nokre dystre meldingar han har fått på Instagram.

– Eg synest berre det er kult at nokon sit heime og brukar tid på meg.

Meldingane er upersonlege, men han fortel at mange på hotellet har fått meir personlege, hatefulle meldingar.

– Dersom du brukar for eksempel Jodel i Oslo står det ganske mykje negativt om mange deltakarar frå hotellet.

Kevin fortel at det er lettare å være hatefull på Jodel ettersom ein er anonym der, men han vil ikkje seie noko om kven som får mykje hets på nettet. Plattforma ”Jodel” har fått mediemerksemd fleire gonger etter at appen har vore mykje nytta til uthenging og mobbing. Ein er anonym når ein publiserer ting på Jodel, noko som fører til mykje negativt.

Ønskjer sponsorar

Kevin sjølv får for det meste berre positiv merksemd både på Jodel og på andre plattformar, og det negative han får vel han å ikkje bry seg om.

– Kva er planen din vidare?

– Eg håpar jo at Paradise vil opna nye dører for meg, smiler Kevin.

Instagram er ein plattform han ynskjer å vekse på, og han håpar at han kan finne sponsorar han kan samarbeide med via Instagram.

– Det hjelper jo på at eg er eit kjend ansikt frå før av no som eg har vore på Paradise.

Kevin lenar seg fornøyd på Paradise som første etappe vidare etter serien, og visar ingen teikn til bekymring for framtida si.

- Annonse -